Off. godkjent sjukepleiar -vikariat
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Korttidsavdelinga
Oppstart
31. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 10. mai
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Kortidsavdelinga har ledig 100 % vikariat for perioden 31.5.2025-5.9.2025 med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet.
Korttidsavdelinga er ei spennande og utfordrande avdeling å jobbe i. Her er god dekning med sjukepleiarar, og eit godt fagmiljø. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eigen fysioterapiressurs knytt til avdelinga. Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augneblikkleg hjelp tilbod til pasientar som treng det. Vi har ein variert kvardag der det kan vere behov for at vi utfører til dels avansert og teknisk sjukepleie. Korttidsavdelinga har 16 rom.
Vi ynskjer medarbeidarar som er fleksible, gode på kommunikasjon og samarbeid, som har humør og evne til å arbeide i eit miljø med omstilling og utfordring.
Vi jobbar etter: årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. I tillegg har vi sjukepleieteam som bidreg med fagleg kompetanse og er ein viktig ressurs ved behov for støtte. Det er moglegheit til å gå langvakter på helg.
Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Arbeidsoppgåver
Vi gir eit allsidig tilbod innan kartlegging, rehabilitering, avlastning, behandling av akutt sjukdom, palliativ pleie mm.
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Personlege eigenskapar
- Relevant arbeidserfaring
- Fleksibel
- At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidseigenskapar
- At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- God arbeidskapasitet og stabilitet vert vektlagd
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Faste fagdagar
- Moglegheit for å jobb langvakter
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår:
Dag/kveld inkl. helgar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Prøvetid i faste stillingar er 6 månadar, der fråvær går til fråtrekk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Marit Steinnes, konstituert avdelingsleiar Korrtidsavdelinga, 480 70 965, marit.steinnes@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4956287981
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 31.05.2025
Sluttdato: 05.09.2025
Søknadsfrist: 10.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2923769
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0c004752b9c248678f7c3a0c4dd6fdc0