Hopp til innhold

ID 2425 Barnehagelærar - Skogatufto barnehage

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Skogatufto barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i sentrumsnære omgjevnadar. Frå barnehagen er det kort veg til naturområde med skog, vatn og sjø. Psykologisk tryggleik og arbeidsglede blant våre medarbeidarar som rammer for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, er av stor tyding for oss.

Skogatufto barnehage har ledig 80% vikariat som barnehagelærar i perioden 01.04.26 - 14.08.26

Barnehagen søkjer deg som er god på å hoppe inn i det etablerte og samstundes evner å vere konstruktiv og nytenkjande. Motivasjonen din kjem innanifrå og du fin glede i å ha innhaldsrike og varierte dagar.

Å omsetja planar til handling og å ha barna med som aktive aktørar i sin eigen barnehagekvardag, er evner du har. Ved å spele på lag med dine medarbeidarar bidreg du til, og forventar du, kvalitet og eit konstruktivt miljø til beste for barn, føresette og andre.

Ansvar og oppgåver

  • medansvar for utøving av pedagogiske arbeid, med godt fagleg skjønn

  • planlegge, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve barnegruppe eller det område, i samarbeid med pedagogisk leiar

  • fagleg rettleiing av øvrig personale

  • foreldresamarbeid

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjar må ha utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.

  • Ved tilsetjing må politiattest føreliggja.

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Kontaktperson: Einingsleiar Hildebjørg Røssberg, tlf 53403380 / 97552185

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson for stillingen

Hildebjørg Røssberg

Einingsleiar

97552185

hildebjorg.rossberg@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79c011aa-6807-4a96-89b5-9c23396bb865

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

79c011aa-6807-4a96-89b5-9c23396bb865

Lignende annonser