Lærarstillingar (fast og vikariat)
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune
Solås 2, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstillingar (fast og vikariat)
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. mai
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane er organisert med kvar sin rektor. Skulane i Nissedal er oppteke av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap. Skulane jobbar målretta for å førebygge mobbing, og førebu elevane til vidare studie og arbeid, og er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.
Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er det ledige lærarstillingar (fast og vikariat) av ulik storleik for skuleåret 2025-2026
Vi treng lærarar som kan undervise i faga:
- Norsk
- Arbeidslivsfag
- Kunst og handverk
- Musikk
- Naturfag
- Engelsk
- Mat og helse
Vi treng og lærarar som kan undervise i:
- Spesialpedagogikk
- Byrjar-opplæring
Arbeidsoppgåver
Oppgåver:
- Oppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faget, samt å vurdere elevane si faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar.
- Som lærar må ein i stor grad samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog og samarbeid med føresette gjennom heile skuleåret.
- Jobben inneber om å samarbeide tett med lag-leiar og leiinga for skulen, og eksterne samarbeidspartnarar til det beste for eleven.
- Ved nokre av stillingane vil ein få rolle og ansvar som kontaktlærar og ha ansvar for ei klasse heile skuleåret.
Kvalifikasjonar
Krav til den tilsette:
- Det er krav om lærarutdanning, med kompetanse innan dei ulike fagretningane.
- Fagutdanning i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) er og mogleg.
- Det er ønskeleg med erfaring innan dei ulike fagretningane.
- Som kontaktlærar er det ønskjeleg med erfaring.
- Det er ønskeleg med utdanning innan spesialpedagogikk.
Personlege eigenskapar
Vi vil vektlegge:
- Relasjonskompetanse, god klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
- Skulane arbeidar aktivt med IKT, der elevar og tilsette har kvart sitt læringsbrett. Interesse og kunnskap om IKT og digital utvikling er difor viktig.
- Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Vi tilbyr
- Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
- Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
- Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
Kontaktinformasjon
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482, marius.vollestad@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Solås 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4959901712
Stillingsprosent: 50, 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 08.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924882
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4fa69499c31646c697785c127c3586ad