Kokk, fagarbeidar eller kjøkenassistent i 65% stilling
Torshus Folkehøgskule Sti
Orkdalsvegen 791, 7320 Fannrem
Om jobben
Torshus folkehøgskule er ein tradisjonsrik og varm internatskole med inntil 75 elevar der fellesskap, trivsel og gode måltidsopplevingar står sentralt i kvardagen. Vi legg stor vekt på heimelaga, variert og næringsrik mat.
- Stillingstittel
- Kokk
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 65%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid og kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar: Fagarbeidar/kokk med fagbrev innan kjøkken- og restaurantfag, institusjonskokk, storkjøkken eller tilsvarande.eller
Person med breid/lang erfaring innan storhushaldning eller profesjonelt kjøken, må da kunna vise til lang erfaring med menyplanlegging i storhushaldning, profesjonell kjøkendrift, middagslaging i storhushaldning og kompetanse på samansetting av måltid med omsyn til næringsinnhald og smak.
Erfaring frå produksjon av mat til større grupper er ein fordel, utan fagbrev er dette eit absolutt krav. God kunnskap om hygiene, trygg mat og IK-mat, evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og i team, engasjement for god mat, kvalitet og service.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt:Vi søker deg som har godt humør og liker å jobbe med ungdom og kollegaer, er fleksibel, initiativrik og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø, tek ansvar når det trengst, har serviceinnstilling og er stolt av faget.
Arbeidsoppgaver
· Dagleg produksjon av frukost, lunsj og middag
· Planlegging og førebuing av måltid i samarbeid med resten av kjøkkenteamet
· Bidra til god drift av kjøkenet, inkludert reinhald og IK-mat
· Presentasjon og servering av mat ved arrangement, elevkveldar og spesielle høve
· Sørgje for eit inkluderande miljø der elevar kan få innblikk i matlaging og gode rutinar
Internatarbeid
Vi tilbyr
· Eit inkluderande, sosialt og triveleg arbeidsmiljø
· Arbeidstid hovudsakleg på dagtid, med noko kvelds- og helgearbeid ved arrangement
· Komprimert arbeidsår
· Gode høve til fagleg utvikling
· Lønn etter tariff og medlemskap i Statens pensjonskasse
· Ein arbeidsplass der du får vere ein viktig del av kvardagen til elevane våre
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Torshus folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskole på Fannrem med tradisjonar heilt attover til 1903. Skolen har 75 elevplassar, 14 tilsette og er ein internatskole.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
798f8f61-6270-4038-8861-02fec6369e3d
- Sist endret
3. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
798f8f61-6270-4038-8861-02fec6369e3d
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kapto AS
Sted
Børsa
Kjøkkenassistent
Arbeidsgiver
St. Olavs hospital
Sted
Trondheim
Arbeidsgiver
Masala Hus As
Sted
Trondheim