Sjukepleiar
Åse Hotell, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 7, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget? Vi har ved Åse hotell, pasienthotellet, ledig ei 50% fast stilling frå 01.10.2025
Ønsker du ein variert kvardag saman med kjekke kollegaer, kan du vere den rette kandidaten for oss.
Ved Åse hotell har vi pasientar frå ulike avdelingar på sjukehuset, pasientar som går til poliklinisk behandling og andre gjestar. Dagane og oppgåvene er varierte og det er ein fordel om du har erfaring med ulike pasientgrupper, men ikkje eit krav.
Arbeidstid er hovudsakleg på kveldstid, med nokre dagvakter i turnus. Hotellet er ein liten arbeidsplass og treng fleksiblitet, det er derfor ønskeleg om du av og til kan ta nattevakter ved til dømes sjukefråvær. Vi har drift måndag til fredag, stengt i helger og høgtider, og det er for tiden ikkje helgearbeid knytt til stillinga. Arbeid på enkeltståande heilagdagar kan likevel førekome.
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Betene resepsjon/booking
- Oppfølging av pasientar
- Samarbeid med andre seksjonar
- Tett samarbeid med andre tilsette rundt daglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Sjukepleiarar med høgare kompetanse kan vurderast i særskilte tilfeller
- Ønskeleg med erfaring fra ulike pasientgrupper og erfaring frå pasienthotell
- Beherske dataverktøy godt
- Beherske norsk språk muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som vil vere med på å utvikle hotellet vidare
- Du er positiv, god på samarbeid, kan jobbe sjølvstendig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nøyaktig, fleksibel, utadvendt, serviceinnstilt og trivast i eit lite miljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Julianne Reitan Hagerup, Seksjonsleiar, +47 41310694, julianne.reitan.hagerup@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 76017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4960195957
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7981288a-745a-4a2e-aad3-cf4150815a50
- Hentet fra
talentech
- Referanse
33ab25b9ae1049fb9f1c9bff7104e56a