Studentambassadør ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiB
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Studentambassadør ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiB
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wStudentambassadør ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiB
For å vise fram dei spennande studieprogramma, studentlivet og det gode studiemiljøet på NT-fakultetet ved UiB, ser Studieseksjonen etter studentambassadørar til å jobbe med innhaldsproduksjon til sosiale medium, foto/video, arrangement og kommunikasjon til målgruppa.
Vi søkjer etter 9 studentambassadørar som kan støtte opp om arbeidet med å synleggjere studietilbodet og studentkvardagen for potensielle søkarar til realfaga ved UiB.
Du treng ikkje å ha studert lenge ved UiB for å søke.
Stillingane som studentambassadørar er midlertidig deltidsstillingar i 12 % (ca. 4,5 timer per veke) med eit års varigheit og oppstart i august 2025. Arbeidsmengda vil variere gjennom året, og det vil vere mogleg, og forventa at du arbeidar ekstra i samband med arrangement, viktige hendingar, fristar eller anna.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og produsere innhald til sosiale medium, som Instagram, Tiktok og Snapchat
- Ta foto og video til bruk i sosiale medium og/eller nettsider
- Representere NT-fakultetet og UiB i ulike settingar slik som skulebesøk, arrangement og andre kommunikasjonsoppgåver
- Andre arbeidsoppgåver slik som møteverksemd, videoinnspelingar, workshops og innhaldsarbeid
For å vere aktuell for stillinga, må du oppfylle følgande krav:
- Du har kjennskap til studieprogramma vi tilbyr på NT-fakultetet ved UiB, og spesielt god innsikt i eit fakultet og studieprogram
- Du har god formidlingsevne, trivst med kreativt arbeid og har ein del erfaring med sosiale medium
- Du liker å skrive, ta bilete, film og klippe innhald til sosiale medium
- Du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og er god til å planlegge
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og tør å tenke nytt og annleis
- Du har minimum eit halvt år høgare utdanning (påbyrja bachelorgrad/integrert mastergrad eller liknande) og er student ved NT-fakultetet, UiB
- Du snakkar flytande norsk og har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Vi tilbyr:
- Løn som studentambassadør (fagkonsulent 0389) etter lønstrinn 35 (for tida årslønn kr. 421 700 brutto ved 100 % stilling), etter statens lønnsregulativ.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Ina Hilton, tlf.: 95 85 36 86, e-post: ina.hilton@uib.no .
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av syv institutt og en rekke sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.
Sektor
Offentlig