Stipendiat (3år) 5-D, SEFAS
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiat (3år) 5-D, SEFAS
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wStipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Sendter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS) i samarbeid med Institutt for klinisk odontologi er det ledig ei stilling som stipendiat i odontologi (100 %) for ein periode på tre (3) år.
Stillinga er knytt til prosjektet: Decoding Death and Dying in people with Dementia by Digital thanotyping (5-D), eit prestisjetungt Consolidator Grant frå Det europeiske forskningsrådet (ERC). Stillinga er finansiert av ERC. Prosjektet har tett samarbeid med Institutt for klinisk odontologi, UiB.
5-D er eit nyskapande prosjekt som skal undersøke korleis moderne sensorteknologi kan nyttas til å kjenne symptom hos personar med demens i den siste livsfasen. I dag finnes det ingen pålitelege metodar som kan føreseie at ein person med demens nærar seg døden. Gjennom innsamling av data frå sjukeheimspasientar skal det utviklast metodar som gir ein meir presis forståing av smerte, symptom og adferdsmessige endringar ved livets slutt. I samarbeid med Institutt for klinisk odontologi, undersøkast også munnrelaterte symptom, plakk og spytt. Det langsiktige mål er betre smertebehandling og symptomlindring, auke merksemda på den siste fasa av livet, og optimalisere kommunikasjon med pårørande, pleiepersonale og sykeheimslegen.
Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans.
5-D inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS og 5-D prosjektgruppe vil bestå av 10 personar (stipendiatar, postdoktorar, ingeniørar, bruker representant, senior rådgjevar og prosjektleiaren). Alle er tilsett ved SEFAS med ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos personar med demens. SEFAS har tett samarbeid med fremragende universitet i Nederland, USA og Japan. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.
Meir informasjon om 5-D finst her: Senter for alders- og sykehjemsmedisin | Universitetet i Bergen
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Prosjektet beskriver oral helse og behandlingsbehov ved livets slutt blant pasientar med demens.
- Analyse inkluderer helsestatus i munnen, mikrobielle og inflammatoriske markørar og analyse av biologiske prøver ved Odontologisk avdeling.
- Evaluer oral status ved å måle plakkindeks og gingivalindeks.
- Vurdere kariesutvikling gjennom studieperioden.
- Samle spytt og plakk og analysere den mikrobielle profilen.
- Bestem nivå av pro-inflammatoriske og anti-inflammatoriske molekyl i spytt.
- Samle klinisk data, utføre statistiske analyser og administrative oppgåver i samsvar med prosjektet.
- Samle biologiske prøver (spytt og plakk) og utføre lab analyser.
- Kandidaten må hjelpe til med å samle inn data frå 5-D. 5-D-prosjektet er knytet til ORAL.DEM i samarbeid med HDS
- Skrive og publisere vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift.
- Presentere og formidle resultat til tannhelsetenesta, samarbeidspartar, på konferansar og i populærvitskaplege media.
- Bidra til utvikling av prosjektet og innovative løysingar.
- Medverka til implementering i tenestene.
- Kandidaten vil bidra til gjennomføringa av studien samen med resten av prosjektgruppa som vil bestå av kliniske forskarar, ingeniørar, PhD studentar, og statistikar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i odotologiske fag, eller anna relevant bakgrunn.
- Mastergrad må ha karakter A eller B.
- Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk munnleg og skriftleg er eit krav.
- Erfaring med innsamling av oral helse kliniske data, biologiske prøver og analysemedtoder i laboratoriet.
- Erfaring med kvantitativ forskingsmetodikk, statistikk og erfaring med statistikkprogram R er ein fordel men ikkje eit krav.
- Erfaring med innovasjon og/ eller implementering er ein fordel men ikkje eit krav
- Formidlingserfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Erfaring med eldreomsorg eller forsking relatert til dette er ein fordel, men er ikkje avgjerande
- Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
- Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
- Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg.
Sjå krav om engelsk-kunnskapar: Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet | Det medisinske fakultet | UiB
For stillinga gjeldt følgande:
Forskarutdanning (Ph.d.-programmet):Stipendiatstilling:
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 560 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 575 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 595 000.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
- Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
- Eventuelle publikasjonar (pdf)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Bettina S. Husebø, bettina.husebo@uib.no, mobil: 48094660
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig