Hopp til innhold

Vil du bli vår nye matros?

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6200 Stranda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Matros i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Sunnylvsfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som matros i sambandet Stranda - Liabygda, p.t trafikkert av vår nye og flotte EL-ferge MF Sunnylvsfjord.

Skiftordning med 4 skift om bord - døgnvakt: 2 veker på, og 2 veker av. Oppstart etter avtale. Du er din eigen ferievikar om sommeren, og går en periode 3:3.Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
  • God til å kommunisere
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
  • Døgnvakt, 2 veker på og 2 veker av
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, jill.juberg@fjord1.no

Arbeidsstad


6200 Stranda Municipality

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5058088883
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2026

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

794b8ce2-e766-4573-921a-09f9790d310b

Sist endret

20. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

75e47e5c52204b19ad5989ce7011a828

Lignende annonser