Jobbspesialist IPS
Nav Kvinnherad // Marked og arbeidsrettet oppfølging
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
- Oppstart
- 16. november 2026
- Stillingstittel
- Jobbspesialist IPS
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. august
Vil du hjelpe menneske inn i jobb gjennom målretta oppfølging?
Nav Kvinnherad søkjer ein engasjert jobbspesialist (IPS) som vil vere med og styrke tilbodet vårt for personar som treng støtte på vegen mot arbeid og aktivitet. Du vil få ei sentral rolle i å kartlegge arbeidsevne, gi individuell rettleiing, samarbeide med arbeidsgivarar og tiltak, og vere ein viktig støttespelar for brukarar på veg mot jobb eller utdanning. Arbeidet skjer i tett samarbeid med Folgefonn DPS.
Dette er eit vikariat med oppstart i november 2026 og varigheit på 6 månadar, med moglegheit for forlenging.
Du har arbeidsstad på DPS og jobbar integrert i behandlingsteamet, med tilsetjing i Nav Kvinnherad. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg miljø med 36 tilsette, der vi saman jobbar for å skape moglegheiter for innbyggjarane i Kvinnherad. Brenn du for arbeidsinkludering og relasjonsbygging? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- nytte IPS-metoden for å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar ut i jobb eller utdanning
- følgje opp inntil 20 deltakarar og støtte dei på vegen mot arbeid
- kartleggje kva deltakarane ønskjer, kva dei kan, og kva som passar for dei
- motivere deltakarar og samarbeide med arbeidsgivarar, skule og pårørande
- oppsøke bedrifter og utdanningsinstitusjonar for å skape kontakt og finne jobbmoglegheiter
- vere ein støttespelar for deltakar og arbeidsgivar før, under og etter jobbstart.
- delta i behandlingsteam og samarbeide tett med helsetenesta
- samarbeide med Nav og andre tenester om deltakar treng hjelp med bustad, økonomi eller sosiale forhold
- dokumentere arbeidet i Nav sine system og følgje rutinar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning tilsvarande bachelor, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag, pedagogikk eller sal- og marknadsføring. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring frå relasjonsarbeid og arbeid med menneske
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- gode digitale ferdigheiter
- førarkort klasse B
- erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS
- erfaring frå oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
- kompetanse innan rettleiing
Kva ser vi etter hos deg?
- er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar
- har evne til å motivere og inspirere andre
- kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og handterer uventa hendingar på ein god måte
- er sjølvgåande, arbeider målretta og har god gjennomføringsevne
Kvifor velje oss
- ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 639 000 - 660 000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Maria Danuta Sadowska, Leiar Nav Kvinnherad, 95096808, maria.danuta.sadowska@nav.noErlend Hellingsrud, Funksjonsleiar poliklinikk Folgefonn DPS, 472 60 535, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no
Agnes Reksc, Metoderettleiar IPS, 901 43 818, agnes.reksc@nav.no
Arbeidssted
Sentrumsvegen 295460 Husnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5154584762
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 11.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Erlend Hellingsrud
Funksjonsleiar poliklinikk Folgefonn DPS
472 60 535
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
791f11c8-0342-47a0-9312-0855525e481c
- Sist endret
28. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5439ca6ba71b4b658dfe09f1064e7d77