ID 2045 Avdelingsleiar Sæbøhaugen bustader - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiarm sjukepleiar, anna relevant sosialfagleg utdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Sæbøhaugen bustader er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod for personar med nedsett funksjonsevne.
Bufellesskapet er organisert i Eining for habilitering som har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik. Avdelingane i Sæbøhaugen er bufellesskap med totalt 14 bustader fordelt på tre bygg, A, B og C. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det.
Sæbøhaugen A og B er organisert som eit burettslag og ligg innunder STOBO, Stord Boligbyggelag AL. Bebuarane eig, eller leiger bustadane. Sæbøhaugen C er kommunalt eigd og bebuarane leiger bustadane.
Det er ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå 01.09.23.Som avdelingsleiar er du ein del av Eining for habilitering si leiargruppe og du rapporterer til einingsleiar. Du deltek aktivt i leiargruppa og har eit felles ansvar for utvikling av tenestene med tanke på fag, personale og økonomi. Du er ein fagleg sterk leiar og er god til å involvera, motivera og myndiggjera medarbeidarane dine. Du har god gjennomføringsevne, er trygg i rolla som leiar og klarar å skapa engasjement. Du likar struktur og orden, samstundes som du er løysingfokusert og fleksibel. Du opptrer roleg i komplekse situasjonar og meistrar periodar med høgt arbeidstempo. Du har gode kommunikasjons -- og samarbeidsevner og er god på å bygga relasjonar på tvers i organisasjonen. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting.
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:- Ansvar for dagleg drift i avdelingane og følgja opp eininga og avdelingane sine målsetjingar
- Ansvar for at me yt tenester av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer og i samsvar med tenestemottakarane sine vedtak
- Personaloppfølging
- Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Kjenna til og bruka eininga og avdelingane sine prosedyrar og rutinar
- Gjera seg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i drift
- Turnusplanlegging
- Internkontrolloppgåver
- Autorisert vernepleiar, autorisert sjukepleiar, eller relevant sosialfagleg utdanning på bachelor nivå
- Relevant leiarerfaring
- Relevant leiarutdanning er ynskjeleg
- Det er ein fordel med kjennskap til aktuelle fagsystem som kommunen nyttar
- God framstillingsevne både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349372
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
79094ff0-831a-483e-bed8-c4d15710cf80