Erfaringskonsulent
Herøy kommune, Seksjon psykisk helse og rus
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Erfaringskonsulent
Type ansettelse
Engasjement, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. juli
Vi søker ein engasjert erfaringskonsulent som brenn for å gjere ein forskjell til eit nytt tilbod i seksjon for psykisk helse og rus. Er du klar for å nytte dine erfaringar til å hjelpe andre? Då ønsker vi å høyre frå deg!
Seksjon psykisk helse og rus har ledig eit engasjement i eit år i 60 prosents stilling med moglegheit til forlenging.
Kan du være ein samtalepartnar med menneske om små og store utfordringar? Vil du være med å utvikle tenestetilbodet for dei med utfordringar knytt til psykisk helse og rus? Som erfaringskonsulent vil du nytte eigne erfaringar med psykiske helseproblemer og/eller rusproblem til å støtte og rettleie andre. Du vil være ein pådrivar i vårt arbeid med å fremme recovery og brukarmedverknad.
Psykisk helse og rus er organisert under avdeling for barn, familie og helse, og er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon forebygging (helsestasjon) og seksjon for rehabilitering. I tenesta gir vi tilbod og oppfølging til personar som har vanskar knytte til psykisk helse og rus i alle aldersgrupper, og til deira pårørande. Vi samarbeider tett med dei andre helse- og omsorgstenestene. Det er 12 tilsette i seksjonen, med tverrfagleg kompetanse. Kommunepsykologen er også organisert i seksjonen. Vi arbeider både på kontor og ambulerande.
Du vil være ein viktig ressurs i vår seksjon, og dine erfaringar vil bidra til å forme framtidas tenester innan psykisk helse og rus. Her med oss vil du bli ein del av eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der samarbeid og personleg utvikling verdsettast høgt.
Arbeidsoppgåver
- følge opp og skape gode allianser med brukarar individuelt og i gruppe
- representere håp og motivasjon gjennom erfaringsbasert støtte og forståing
- være ein brubyggar mellom brukar og tenester
- bidra til å utvikle og implementere recoveryorienterte praksisar
- være på ungdommen sin arena for å skape muligheter for endring
- jobbe oppsøkande ute, ta initiativ til å arrangere aktivitetar, bidra til å vidareutvikle tilbodet og praktisk gjeremål knytt til dagleg drift
- delta i møter og bidra med refleksjonar og diskusjonar
- samarbeide med andre fagpersonar for å sikre heilheitlege og brukartilpassa tenester
- arbeid både dag og kveld må påregnast
Kvalifikasjonar
- relevant eigen erfaring, og villig til å nytte eigen erfaring/ kompetanse i arbeidet med enkeltpersonar og seksjon
- gode mellommenneskelige ferdigheiter og eit reflektert forhold til eiga historie
- erfaring frå arbeid med mennesker, og ønskeleg med erfaring fra arbeid med psykisk helse og/eller rusarbeid
- god muntleg og skriftleg formidlingsevne
- kjennskap til ungdomsgruppa og ulike tenester
- erfaring med ungdomsarbeid er ønskeleg
- studier/studiepoeng fra relevant utdanning er ikkje et krav, men kan være er en fordel
- politiattest må leggast fram før tilsetting
- personleg eignaheit til ei slik stilling vert lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, haldningssterk og handlekraftig.
- Du eigner deg personleg til oppgåva fordi du har eit avklart og reflektert forhold til dine eigne erfaringar.
- Du er nysgjerrig på andre menneske og open for at ikkje alle meiner det same som deg.
- Du kan opptre fleksibelt, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Du meistrar å etablere kontakt med nye personar og bygge gode relasjonar.
- Du kan bruke andre som ressurs i ditt arbeid.
- Du byr på deg sjølv og evna å gjere andre gode gjennom aktivt å bygge opp under seksjonen sitt fag- og arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- spennande og utviklande arbeidsoppgåver.
- eit godt arbeidsmiljø med fokus på refleksjon og rettleiing.
- deltaking i eit nettverk med andre erfaringskonsulentar.
- varierte arbeidsdagar og godt arbeidsmiljø.
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- IA-bedrift
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Monica Svoren, Avdelingsleiar barn-familie og helse, 92885795Silje Ringstad, Seksjonsleiar psykisk helse og rus, +47 90287333
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4983756196
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Søknadsfrist: 21.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Silje Ringstad
Seksjonsleiar psykisk helse og rus
+47 90287333
Monica Svoren
Avdelingsleiar barn-familie og helse
92885795
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78cbdd88-0c5e-4e47-8258-0b77dd40dc8b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6e338d478dbb454cbc2e9a3bff157ba3