Marknadsføring med meining -- bli vår nye marknadsrådgjevar innan grøn energi
Sognekraft
Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn, Sogndal, Vik, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Marknadsrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Me søkjer marknadsrådgjevar som vil bruke kompetansen sin til å styrke ei framtidsretta satsing på grøn energi. Hjå Sognekraft får du jobbe strategisk og kreativt med meiningsfulle marknadsoppgåver -- i eit miljø der utvikling og berekraft står i sentrum. Samtidig får du høve til å leva tett på fjord, fjell og friluftsliv i vakre Sogn -- ein perfekt kombinasjon for deg som ønskjer både fagleg vekst og nærleik til naturen.
Din arbeidskvardagSom marknadsrådgjevar får du vere med og forme korleis Sognekraft blir oppfatta. Du jobbar med strategi og tiltak som styrkjer merkevara og byggjer omdømme. Kvardagen er variert -- med idéarbeid, aktivitetar og tett samarbeid med flinke folk. Her får du vere kreativ, få ting til å skje -- og sjå resultata. Du jobbar i team og leverer tenester til både konsern og dotterselskapa som er i ulike bransjar.
Aktuelle arbeidsoppgåver- Utvikle og gjennomføre strategiar for merkevare og omdømme, i tråd med konsernet sine mål
- Vere rådgjevar innan marknadsføring for konsernleiing og dotterselskap
- Planleggje og koordinere marknadsaktivitetar og arrangement, samt måle effekt
- Følgje opp sponsorporteføljen og utvikle samarbeidsavtalar
- Sikre god profilbruk, visuell identitet og rammer for bruk av eksterne leverandørar
Me ser etter ein kandidat med høgare utdanning innan marknadsføring, kommunikasjon eller liknande fagområde. Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Det er ein fordel om du har erfaring med sponsoravtalar, arrangement og innkjøp av marknadstenester. Kunnskap og erfaring med digital innhaldsproduksjon og sosiale medium er òg eit pluss. Det same gjeld dersom du har bakgrunn frå grafisk design og er stødig i verktøy som Adobe Creative Suite.
Kven er du?Er du kreativ, omgjengeleg og handlekraftig? Då kan dette vere jobben for deg. Me ser etter ein som trivst med å finne gode løysingar saman med andre, som er initiativrik, strukturert og har evne til å følgje prosjekt heilt i mål. Du er trygg i møte med folk, og god til å byggje relasjonar og nettverk -- både internt og eksternt.
Arbeidsstad ved hovudkontoret i Vik, eller på kontoret i Sogndal.
Ta gjerne kontakt med konserndirektør Tom Dyrdal på tlf. nr. 47902531 om du har spørsmål.
Om bedriften
Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar -- og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
Sektor
Privat
Nettsted