Miljøterapeut/miljøarbeidar
Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Tøddekroken 1, 3870 Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut/miljøarbeidar i døgnturnus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
TTF er bustadar som ivaretek brukarar med psykisk utviklingshemming av ulik grad. Det er både fastbuande brukarar og avlastingstilbod. Vi ynskjer oss ein miljøarbeidar som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, initiativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi skal spele kvarandre gode!
Stillinga er eit ledd i å styrke tenesta og vil samarbeide tett med fagansvarleg vernepleiar og andre faggrupper som jobbar i tenesta og på tvers med andre tenester som helse og skule. Stillinga som nå blir lyst ut vil i hovudsak vere knytt til ein brukar.
Sektor for helse og omsorg er i omstilling for å møte framtidige behov og endringar kan førekome.
Arbeidsoppgåver
Oppfylging av brukar i tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.
Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver. Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar. Vi deltek i fagutvikling, forbetrings- og endringsarbeid, kompetanseheving innanfor klinisk vurderingskompetanse og tek i bruk teknologi og digitale løysingar der det kan bidra til å understøtte meistring og medverknad.
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer søkarar med høgare utdanning innan helse og omsorg, fagbrev innan helse og omsorg vil også bli vurdert.
- Erfaring/interesse frå/for arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
- Set fagleg kvalitet høgt.
- Gode evner til å kommunisere og skape ein god arena for samarbeid.
- Kreativ og ser moglegheiter framfor begrensningar hos brukarar.
- Evne til å jobbe sjølvstendig.
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Likar utfordringar.
- Har brukar i fokus.
Den som blir tilsett må ha førarkort for personbil.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
- Denne stillinga inneber jobbing i døgnturnus og 100 % stilling utgjer 7 døgn på 4 veker.
- Løn etter avtale.
- Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehage og skule er lokalisert i sentrum.
Kontaktinformasjon
Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97717105Arbeidssted
Tøddekroken 13870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5080473351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Gunn Marit Aslestad
Avdelingsleiar HSPL/TTF
+47 97717105
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78ba83ef-f7ca-44ac-899a-8481ae3f5318
- Sist endret
13. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a0e26a918884349b1f501a4360992f2
Lignende annonser
Fagansvarleg TTF
Arbeidsgiver
Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
En Lys Fremtid AS
Sted
Akershus, Buskerud, Innlandet, Oslo, Telemark, Vestfold, Østfold
Tilkallingsvikarar i TTF
Arbeidsgiver
Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal