Ta del i eit fagmiljø med hjarte for eldre og psykiatri
Avdeling for eldremedisin Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. juni
Vi har ledig fast 80 % nattstilling ved Alderspsykiatrisk døgnpost, med arbeid kvar tredje helg.
Hos oss møter du eit arbeidsmiljø prega av glede, tett tverrfagleg samarbeid og sterk pasientomsorg. Som ein del av vårt team får du vere med og utvikle kompetanse basert på erfaring og praksis, og me legg stor vekt på fagleg utvikling.
Her får du ein jobb der både du og pasienten blir sett og høyrd.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje!
Kva går jobben ut på?
- Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
- Arbeid på post, undervisning og rettleiing, tverrfagleg samarbeid
- Yte god omsorg for pasient og dei pårørande
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Ynskeleg med vidareutdanning/erfaring innen psykiatri eller geriatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er ansvarsbevisst
- har gode kommunikasjonsevner
- viser respekt for kvar enkelt pasient
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Grethe Thorsen Liknes, Fagsjukepleiar, 46889361Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4981589688
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 26.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Grethe Thorsen Liknes
Fagsjukepleiar
46889361
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7890d5cb-1406-4e3a-87bd-b0408af360ab
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31405e9d8eb941f6986486b8551d94cb