Ledig vikarstilling: Tekstilhandverkar
Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Om jobben
- Stillingstittel
- Tekstilhandverkar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. januar
Norsk institutt for bunad og folkedrakt har ledig stilling som vikar for tekstilhandverkar i 100 % frå 1. april til 31. desember 2026.
Arbeidsområde
Stillinga har som oppgåve å være rådgjevar for bunadtilverkarar, studentar og andre innan drakthistoriske emne, rekonstruksjon og praktisk bunadtilverking. Arbeidet omfattar praktisk rettleiing og undervisning på kurs. Vedkommande skal jobbe med analyse, registrering og måltaking av plagg, både på feltarbeid og på instituttet. I tillegg skal vedkommande ha oppsyn med mønsterarkiv og stoffprøvearkiv, og forvalte tilveksten til desse.
NBF sitt arkiv består mellom anna av 86 000 registreringar av plagg frå alle delar av landet. Desse blir i dag forvalta i Primus, som er instituttets digitale verktøy for samlingsforvaltning. For å kunne utøve stillinga er det avgjerande å kunne arbeide noko i Primus.
I tillegg til desse oppgåvene, er det forventa at vedkommande deltek i eksterne samarbeid og ulike formidlingsopplegg.
Kvalifikasjonar-
Stillinga krev relevant yrkesfagleg utdanning innan bunadtilverkarfaget, kjole- og draktsyarfaget eller skreddarfaget. Kunnskap om og erfaring med tradisjonelle handverksteknikkar er avgjerande.
-
Høgare utdanning innan kulturhistorie, drakthistorie eller tekstile handverksfag er eit ekstra pluss.
-
Erfaring med bruk av data og digital fotobehandling er ynskjeleg, og gjerne kjennskap til registreringsverktøyet Primus.
-
Gode evner til praktisk undervisning og rettleiing.
-
Evne til presentasjon og formidling i forsamlingar, møte og konferansar, i Noreg og i utlandet.
-
Må kunne delta på 3-6 veker med feltarbeid, ofte med lange arbeidsdagar.
-
Gode samarbeidsevner og gjennomføringskraft.
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
-
Anledning til fagleg og personleg utvikling
-
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
-
Fleksibel arbeidstid
-
Godt arbeidsmiljø
-
Medlemskap i pensjonsordningane i KLP
Stillinga blir lønna som førstekonsulent, stillingskode 1408, etter «Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner» i lønnstrinn 54-62 etter kvalifikasjoner og erfaring.
Om bedriften
Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av den norske bunad- og folkedrakttradisjonen. NBF er organisert ved Valdresmusea og ligg på Fagernes i Valdres. NBF har eit fagråd, Bunad- og folkedraktrådet, som er oppnemnt av Kulturdepartementet.
På grunnlag av feltarbeid frå heile landet har NBF eit omfattande arkiv av draktregistreringar, foto, snittmønster og nedteikningar av tradisjonsmateriale frå ulike distrikt. NBF gjev råd om bunadbruk og påkledning, saumteknikkar og bunadtilverking.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
788d406c-c9cd-4bc8-ac9b-d09a12499d88
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
441324400
Lignende annonser
Bunadtilvirker
Arbeidsgiver
Valdresmusea AS
Sted
Fagernes
Tilkallingsvikar barnehage
Arbeidsgiver
Ranheim Naturbarnehage SA
Sted
Fagernes
Arbeidsgiver
Eventyrskogen barnehage
Sted
Etnedal