Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. november
Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP) har no ledig 100% fast stilling!
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med førstelinjetenesta.
Det kan også verte høve for tilsetting i eitt årsvikariat.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av psykiske vanskar
- Rettleiing til foreldre/føresette
- Rettleiings- og konsultasjonsoppgåver til samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ynskjeleg med vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar eller pediatrisjukepleiar
- Sosionom/klinisk sosionom eller barnevernspedagog/klinisk barnevernspedagog kan og være aktuelle for stillinga
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, barnevernstenesta eller erfaring frå familieorientert arbeid vert vektlagt
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- God kjennskap til lover og forskrifter
- Politiattest må framleggast
- Sertifikat for bil er ynskjeleg på grunn av utadretta arbeid
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å jobbe i team
- Du har evne til å omstille deg i forhold til ulike situasjonar og pasientforløp
- Du er målretta, løysningsorientert og fleksibel
- Du har god kommunikasjonsevne
- Du kan både arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Ved tilsetting vert det lagt vekt på personleg dugleik og på evne til samarbeid, samt effektivitet.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Høve til fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her.Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5202400899
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78650379-b268-465b-90c1-f8496fd1c41d
- Sist endret
5. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3824f4c46c364d59a9eee1c754fa8bb1