Hopp til innhold

Operasjonssjukepleiar

Arbeidsgiver

Operasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Operasjonssjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 7. oktober

Vi har ledige vikariat for autoriserte operasjonssjukepleiarar ved operasjonsavdelinga på Volda sjukehus.

Seksjon for operasjon i Volda utfører operasjonar innan ortopedi, generell kirurgi, urologi, gynekologi og fødselshjelp. Seksjonen deltek også i sjukehuset sitt traumeteam og har ein variert og spennande arbeidskvardag. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse og fokus på kvalitet og pasienttryggleik. Arbeidskvardagen er prega av tett tverrfagleg samarbeid, høgt tempo og varierte oppgåver, alltid med pasienten i sentrum.

Seksjonen har stor aktivitet, og dei tilsette arbeider i tredelt turnus. Vi søkjer deg som er fagleg interessert, samarbeidsviljug og trivst i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Operasjonsjukepleie innan aktuelle fagområder
  • Planlegge, gjennomføre og evaluerer pasientbehandling i operasjonsavdelinga
  • Sikre pasienttryggleik og kvalitet i behandlinga
  • Samarbeide tett med anna helsepersonell for heilskapleg behandling
  • Delta i opplæring og rettleiing av nytt personell
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar og prosedyrar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning som spesialsjukepleiar innan operasjon 
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du er sjølvstendig og bidreg til eit godt samarbeid
  • Du er fleksibel
  • Du er motivert av fag og fagutvikling
  • Du medverker til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. 

Kontaktinformasjon

Camilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5183926798
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Camilla Brungot Kile

Konstituert seksjonsleiar

Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e06f9844-1dba-4d82-87e3-d10931d9e0aa

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7047df981e2a4973bffaddd41ce79b76

Lignende annonser

Laster lignende annonser