Helsefagarbeidar 60% fast stilling, Grønebakkane bustader
Øygarden kommune Grønebakkane bustader
Grønebakksvegen 7, 5382 Skogsvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. august
Om avdelinga:
Grønebakkane bustader ligg sentral i Skogsvåg nær offentleg transport og Kommunedelsenter.
Grønebakkane yter heildøgns omsorgstenester til menneske med nedsett funksjonsevne som bur i døgnbemanna bufellesskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Stillinga inngår i årsplan med langvakter og arbeid i snitt kvar 4. helg. Det må reknast nokon ordinære vaktar i vekedagane.
Vi har nå en ledig stilling i Grønebakkane bustader.
Arbeidsoppgåver:
- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar /arbeidstakar
- Legemiddelhandtering etter delegert løyve
- Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Primærkontaktoppgåver for arbeidstakarar.
- Autorisert helsefagarbeidar
- Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
- Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna
- Sertifikat kl B
- Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg
- Må fremvise gyldig politiattest ved ansettelse
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå liknande arbeid
- Kompetanse på tenesteutøving for mennesker med komplekse bistandsbehov knytt til utviklingshemming, ulike former for psykiske lidingar og åtferdsproblematikk.
- Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a
Personlege eigenskapar:
- Engasjert, fleksibel og initiativrik
- Open og etisk reflektert
- Påliteleg, ydmyk, tolmodig og omgjengeleg
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.
- Ansvarsbevisst
- Ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Anna:
- Stillinga inngår i årsplan med lange vaktar og 12 helger pr år.
- Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse
- Ledig frå 18.08.2025
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Ninni Ludvigsen Telefon nr 45 73 55 63
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
782b0d6a-a6e4-4593-9405-3adfc4e51f51
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3528095_241405_nn