Sjukepleiar 2 x 100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter, muligheter for delvis nattstilling
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Sjøholtvegen 82, 6240 Ørskog
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter
Oppstart
2. september 2024
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Ørskog omsorgssenter treng fleire sjukepleiarar. Vi har ledig to 100 % fast stillingar som sjukepleiarar. Arbeid er i utgangspunktet todelt mellom dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Den eine stillinga kan, dersom ønskeleg, kombinerast med arbeid todelt mellom natt/dag og med arbeid kvar 3.helg.
Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, ei avdelingar med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt.
Ørskog omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Ørskog omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har to sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan ma friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Ved evt intern tilsetting kan andre stillingsprosentar bli ledige.
Arbeidsoppgåver
- Pasientnært arbeid i somatisk avdeling og på avdeling for personar med demens
- Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
- Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
- Samarbeide med tilsynslegar, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
- Beherske dei vanligaste IKT-verktøya
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Vilje til å stå på
- Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for pasientane
- Du må vere strukturert og løysingsorientert
- Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
- Kompetanseheving og fagutvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff
- Gode pensjonsordninger
Kontaktinformasjon
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.noSissel Nogva Refsnes, Avdelingsleiar, 922 06 402, sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Sjøholtvegen 826240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4833864611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.09.2024
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2695765
- Hentet fra
talentech
- Referanse
28d780b9e37c4de1b9f5b5907524fad4