Hopp til innhold

Miljøterapeutar 

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeutar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
6
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved avdeling Eikelund har vi ledig 2-4 100 % faste stillingar som miljøterapeut frå snarast.  I tillegg har vi ledig 3-4 vikariat i 6-12 månader med mulighet for forlenging. 

Eikelund er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli. Bufetat prøver ut ein modell der fleire avdelingar blir samla i éi eining. Målet er at eininga skal gje barna eit trygt og betre tilpassa tilbod, utan brot, gjennom heile institusjonsforløpet. Modellen har som mål å bidra til rett helsehjelp og opplæringsoppfølging frå første dag. Fana og Ytrebygda ungdomssenter skal ta imot ungdom i ulike målgrupper.

Eikelund gir behandling til tre ungdomar mellom 13 og 18 år med alvorlege åtferdsvanskar. Avdelinga ligg på Paradis utanfor Bergen og er nyetablert. Her får du ein kvardag med målretta og systematisk miljøterapi, der målet er å hjelpe ungdomane til ein betre kvardag.


Arbeidsoppgåver

Målet vårt er å redusere negativ utvikling og snu reaksjonsmåtar som er til skade for framtidsmoglegheitene til barnet.

Korleis oppnå dette målet:

  • Sikre tett tverrfagleg samhandling med m.a. kommunal barnevernsteneste, føresette, politi, skule, oppfølgingstenesta og psykisk helsevern.
  • Jobbe saman, einskapleg og lojalt i tråd med behandlingsplanar, standardiserte forløp og brukarmedverknad.
  • Halde fokus på langsiktige mål, samtidig som vi tek raske avgjerder og handterer akutte sitasjoner undervegs.
  • Krise- og stresshandtering, traumearbeid og rus- og avhengnads problematikk.
  • Førebyggje og handtere åtferd/hendingar der ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
  • Rettleie og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:
  • Du må ha minimum treårig relevant sosialfagleg høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innafor barnevern, sosialt arbeid eller vernepleie.
  • Andre relevante utdanningar, til dømes sjukepleiar, pedagog eller politi kan også vurderast, helst med vidareutdanning.
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
  • Ha førarkort (minimum) klasse B.
Bør-krav:
  • Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
  • Evne til å forstå og fasilitere endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå.

Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter:
  • Hardfør/emosjonelt robust - Du evnar å meistre stress gjennom å sjå utfordringar som handterlege, meiningsfulle og kontrollerbare.
  • Tolmodig, nøyaktig og detaljorientert - Du har evna til å følgje eit behandlingsopplegg lojalt og i detalj, og dessutan ha fokus på langsiktig effekt.
  • Sjølvrefleksiv - Du har evna til å betrakte, sortere og skilje mellom eigne og andres opplevingar, synspunkt, oppfatningar eller behov.
  • Verdibasert - Du identifiserer deg med, oppfører deg og arbeider i tråd med samfunnsoppdraget vårt og kjerneverdiane våre «Respekt, openheit, deltaking».
  • Motivert for å jobbe for barnets beste. 

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år. 
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 690 000 pr år.
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillingane er for tida lagd til Fana og Ytrebygda ungdomssenter, avd. Eikelund.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no


Kontaktperson for stillingen

Hege Svanevik

Avdelingsleder

+47 466 16 625

hege.svanevik@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

780c4075-b198-4b3a-94dd-826e96202f37

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293919

Lignende annonser

Laster lignende annonser