Hopp til innhold

Seksjonsleiar 

Arbeidsgiver

Teknisk drift Førde sentralsjukehus

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 27. september

Vil du jobbe med eigedomsdrift og utvikling?

Drift og eigedom i Helse Førde søkjer ein engasjert og løysingsorientert seksjonsleiar til ei spennande stilling ved Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus. Dette er ein unik sjanse for deg som ønskjer å kombinere byggfagleg kompetanse med strategisk leiing innan eigedomsområdet. Fagområdet er i stadig utvikling, og bygningsmassen er ein viktig føresetnad for effektiv drift av sjukehuset. Stillinga er ledig for tilsetjing frå 01.10.2026. 

Om seksjonen       
Seksjonen har 20 tilsette og er i dag organisert i Teknisk driftsavdeling, som tilhøyrer klinikk for Drift og eigedom. Seksjonen har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen ved Førde sentralsjukehus med tilhøyrande tekniske anlegg. Seksjonen har òg eit avgrensa ansvar for Sunnfjord medisinske senter i Florø.

Seksjonsleiar rapporterer til Avdelingssjef for Teknisk drift.

Kvifor velje oss?
Sjukehusbygg er dei mest komplekse og moderne bygga i landet, med avansert teknologi og tekniske system som utfordrar kompetansenivå og behov for nytenking.

Hos oss får du ein variert og engasjerande arbeidskvardag med personalansvar for dyktige fagfolk med allsidig kompetanse. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Kontorstad er Førde sentralsjukehus.

Sunnfjord har mykje å tilby: Jobbe, leve og bu i Sunnfjord!

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar og ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsoppgåver for stillinga er:

  • Leie og utvikle seksjonen i tråd med Helse Førde sine mål og strategiar
  • Sikre forsvarleg drift og vedlikehald av Førde sentralsjukehus med tilhøyrande bygningsmasse
  • Ansvar for investeringar, driftsprosjekt, anskaffingar og livsløpsforvaltning av utstyr og bygg
  • Personal-, fag- og økonomiansvar for avdelinga
  • Samarbeide tett med kliniske avdelingar i utvikling av bygningsmassen
  • Brei kontakt med leverandørar og brukaravdelingar
  • Følgje opp krav innan kvalitet, pasienttryggleik og regelverk

Kvalifikasjonar

Ved val av kandidat vil følgjande kvalifikasjonar bli vektlagt:

  • Må beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring med økonomistyring og prosjektleiing
  • Leiarerfaring, gjerne frå eigedomsdrift
  • God systemforståing
  • Kompetanse innan byggfag, elektro eller VVS vil vere ein fordel
  • Prosjekterfaring 

Utdanningsnivå

  • Høgskule
  • Fagskule/fagbrev

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser spesielt etter desse eigenskapane:

  • Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig, gode kommunikasjonsevner og positiv innstilling
  • Tydeleg og inkluderande leiarstil
  • Strategisk og løysingsorientert
  • Strukturert og gjennomføringssterk
  • Serviceinnstilt og evne til å motivere og utvikle dei tilsette

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Eit kompetent og engasjert fagmiljø
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Per Arne Flølo, Direktør Drift og eigedom, (+47) 578 39 340
Terje Jan Nes, Avdelingssjef Teknisk driftsavdeling, (+47) 415 30 517

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5174784094
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Terje Jan Nes

Avdelingssjef Teknisk driftsavdeling

(+47) 415 30 517

Per Arne Flølo

Direktør Drift og eigedom

(+47) 578 39 340

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

780afaee-8c0d-4825-bae8-c12377323bc4

Sist endret

8. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fe610cb791784001ade3c5912b3db861

Lignende annonser

Laster lignende annonser