Helsesekretær/sekretær
Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær/sekretær
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus søkjer ein engasjert og fleksibel helsesekretær/sekretær til ei fast 100 % stilling. I tillegg har vi ledig eit vikariat i 80% stilling. Her får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit miljø der ingen dagar er like – og der du spelar ei viktig rolle i mottaket av pasientar med akutte behov.
Som sekretær i akuttmottaket vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø, og du vil ha eit tett samarbeid med sjukepleiarar i akuttmottak, samt andre tilsette. Akuttmottaket i Ålesund består av omtrent 40 tilsette, der dei fleste er spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar. Vi tek imot 15.000 pasientar i året, alle treng hjelp på augeblikket.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidskvardag!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Arbeidsoppgåver
- Elektronisk pasientregistrering og administrasjon
- Pasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefon
- Tett samhandling med andre faggrupper
- Generelle kontoroppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
- Erfaring frå sjukehus eller akuttmottak er ein fordel
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskaper
- Det er ein fordel med kjennskap til Helseplattformen
Personlege eigenskapar
- Du fremstår positiv i arbeidsmiljøet, er imøtekommende og serviceinnstilt
- Du tek initiativ til arbeidsoppgåver som skal løysast
- Du har evner til å jobbe i ein hektisk arbeidskvardag
- Du er endringsorientert og nytenkande
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Kristin Vestnes Sunde, Konst. seksjonsleiar, kristin.vestnes.sunde@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5031865221
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 18.11.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
77fd7a68-2374-435b-86f3-4c3171533c82
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3db767014c9f484f97503e0d6811e83c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ålesund Øre-nese-hals As
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Ferievikar 2026 - Helsesekretær/ Sekretær
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Overlege- Legevakt
Arbeidsgiver
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Sted
Ålesund