Tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk
Ålesund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Notenesgata 6, 6002 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
Vi har ledig ein fast 100% tannhelsesekretærstilling og eit tannhelsesekretærvikariat med varigheit til 1.8.2026 ved Ålesund kompetanseklinikk.
Ålesund kompetanseklinikk er ein av landets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar i sentrum av Ålesund (Kremmergården). Klinikken har 13 000 pasientar og 40 tilsette, og fungerer også som henvisningspraksis for dei andre offentlege tannklinikkane i Ålesundsregionen.
Arbeidsoppgåver
- Assistere tannlege/tannpleiar, varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar.
- Hygieneansvar og smittevernoppgåver.
- Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
- Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for mennesker.
- Jobbar effektivt og sjølvstendig.
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter tariffavtale
- Topp moderne tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Karoline Stølen, 45003 Klinikkleder, 99748938Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion , 92045001
Arbeidsstad
Notenesgata 66002 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5033151170
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 10.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Are Kristoffer Hjeltnes
Overtannlege Ålesund kompetanseregion
92045001
Karoline Stølen
45003 Klinikkleder
99748938
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
- Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
- Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2f341b1-ce25-4b56-bbc5-185a207ea997
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
61f45fa8b08f4625a1cf33aa49d7500b
Lignende annonser
Sekretær
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS ÅlesundHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ålesund Øre-nese-hals As
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Seksjon for internservice Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund