Pleiemedarbeidar
Vaksdal kommune
Jamnevegen 11, 5725 Vaksdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pleiemedarbeidar - Helg
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Om stillinga
Ved Ressurssenteret treng vi fleire dyktige kollegaer, og har ledige faste helgestillingar på 13-20%.
Er du interessert i ei meiningsfull og givande helgestilling? Er du til dømes student på jakt etter deltidsjobb, eller har du ei genuin interesse for å arbeide med eldreomsorg?
Då har vi jobben for deg! Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfølging.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål
- Medisinhandsaming, ut frå kompetansenivå
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
- Kontakt og samarbeid med pårørande
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
- Søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
- Krav om godkjend politiattest
Vi oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsoppauke å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
- Er påliteleg og stabil
- Generelt gode datakunnskapar
- Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?
Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reise hit med tog og bil.
Ressurssenteret er på Vaksdal sjukeheim. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider.
2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.
Sektor
Offentlig
Nettsted