Stipendiat i litteratur og generativ KI
Universitetet i Bergen
Langes gate 1-3, 5007 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiat i litteratur og generativ KI
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. august
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i litteratur og generativ KI
Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i litteratur og generativ KI ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er november 2025, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Om instituttet og Senter for digitale forteljingar:
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium tilbyr forskingsbasert undervisning innan eit breitt spekter av studieprogram, inkludert digital kultur, kunsthistorie, teaterstudium, samanliknande litteratur, lingvistikk, skandinaviske språk og litteratur, norrøne studium, og norsk som andrespråk og norskkurs for internasjonale studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.
Instituttet er stolt vert for Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking. Senteret fokuserer på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale narrativ blir mottekne og behandla. Forskarane ved senteret undersøker korleis interaksjonane mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege agentar resulterer i nye narrative former, korleis materialitetane til digitale narrativ har endra seg over tid, og korleis kulturelle kontekstar omformar bruken og funksjonen til digitale narrativ.
Senteret er eit dynamisk forskingsmiljø som held til i eit eige anlegg i hjartet av Universitetet i Bergen sin campus. Aktivitetane ved senteret inkluderer forskingsgruppemøte, interaksjonar med internasjonale forskingsleiarar innan digitale forteljingar, forskaropplæring, PhD-sommarskular, hyppige symposium og utstillingar. Arbeidsplass vert ved Senter for digitale forteljingar.
Om prosjektet:
Utlysinga er tilknytt forskingsprosjektet AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence, og skal munne ut i ei doktorgrad i anten digital kultur, allmenn litteraturvitskap eller nordisk litteratur. Prosjektet AI STORIES er eit Advanced Grant frå European Research Council leia av professor Jill Walker Rettberg, med eit team beståande av tre postdoktorar, ein annan doktorgradsstudent, ein forskingsrådgjevar, ein datahandteringsekspert og ein forskingsassistent. Prosjektet vil utforske og teste hypotesen om at djupe narrative strukturar i datasetta som blir brukt til å trene generative KI-modellar blir replikerte og kanskje forsterka i tekstane KI-en produserer, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative fordreiingar. Di rolle i prosjektet vil vere å eksperimentere med generative KI-modellar for å teste hypotesar om KI-genererte narrativ.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, som skal vere knytt til forskingsmåla for AI STORIES. Sjå prosjektets nettstad for meir informasjon om AI STORIES.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.
Samla stipendperiode er fire år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet, mens eitt år av tida blir nytta til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.
Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Dei resterande seks månadene er satt av til denne opplæringsdelen.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan litteraturvitskap (til dømes samanliknande litteraturvitskap eller nordisk litteraturvitskap), digital kultur eller ein relevant disiplin. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer utanlandsk grad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
- Søkjar må ha erfaring med bruk av litteraturteori og litterære analysemetodar i forsking, t.d. i masteroppgåva.
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Bruttoårsløn på kr 568 700 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
- Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
- Litteraturliste for prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet.
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- CV.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
- Relevante attestar.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Evalueringskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Andre opplysningar:
Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.
Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte Professor Jill Walker Rettberg, meddirektør ved Senter for digitale forteljingar, jill.walker.rettberg@uib.no .
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
77e92ffd-ef94-4ec5-b23f-444fb7ddcadb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254902