Vil du bidra til vekst og utvikling i Hardanger og på Voss?
Hardanger og Voss Næringshage
Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Hardanger og Voss Næringshage styrkjer laget i Hardanger og søkjer ein engasjert rådgjevar/ forretningsutviklar til Øystese-kontoret, som vil vere med å løfta bedrifter, gründerar og prosjekt i regionen.
Med visjonen: ‘Me utviklar verksemder, menneske, draumar og idear’, er vi eit utviklingsmiljø for næringsliv og entreprenørskap, og ein del av Siva og Vestland fylkeskommune sitt landsdekkande næringshagenettverk. Kvar dag arbeider vi for å skape vekst, samarbeid og innovasjon -- og vi ser no etter deg som vil vere med på laget.
Arbeidsoppgåver
· Følgje opp og vidareutvikle bedrifter i vekst og omstilling
· Bistå med rådgjeving, prosjektutvikling, søknadsskriving og nettverkssamlingar
· Identifisere nye samarbeidspartnarar og utvikle relasjonar
· Knyte saman næringsliv, kommunar, FoU-miljø og investorar
· Vere ein pådrivar for utvikling og samarbeid internt og regionalt
Noko reiseverksemd må påreknast.Om deg
Vi ser etter deg som trivst i rolla som sparringspartnar, initiativtakar og lagspelar. Du har ein genuin interesse for næringsutvikling, er løysingsorientert og likar å få ting til å skje.
Du har gjerne:
· Erfaring frå rådgjeving, næringsutvikling, prosjektleiing eller konsulentverksemd
· Høgare utdanning innan relevante fagfelt (økonomi, leiing, innovasjon, samfunnsutvikling e.l.)
· Evne til å bygge tillit og relasjonar
· Gjennomføringsevne, pågangsmot og struktur
· Kjennskap til Hardanger-regionen og eit engasjement for lokal verdiskaping
Hos oss får du
· Ein jobb med reell påverknad -- du ser resultata av innsatsen din
· Varierte og meiningsfulle oppgåver i eit sterkt fagmiljø
· Fridom, fleksibilitet og gode moglegheiter for fagleg utvikling
· Ein triveleg arbeidsplass med kollegaer som brenn for regionen
· Base i kontorfellesskap med ulike verksemder på Fruktlageret i Øystese
Om bedriften
Hardanger og Voss Næringshage skal vere ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Me er ein samlande, framsynt og kunnskapsrik organisasjon -- ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.
Med 15 engasjerte medarbeidarar fordelt på kontora våre i Øystese og på Voss, arbeider me kvar dag med prosjektutvikling, rådgjeving, kursing og nettverksbygging saman med verksemder og partnarar i heile regionen.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
77bef2a8-4ff8-43df-a7ae-ea06fd619b21
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
436948736
Lignende annonser
Vernepleiar i Skulestadvegen
Arbeidsgiver
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Sted
Voss
Ringevikar
Arbeidsgiver
Søre Øyane Grendalag Naturbarnehage Sa 🌳
Sted
Lepsøy, Bjørnafjorden
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Safe24 Da
Sted
Bergen, Bergen, Vestland