Hopp til innhold

Fast 100% sjukepleiar

Arbeidsgiver

Hjemmetjenester Midt-Telemark

Sted

Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark

Om jobben

Stillingstittel
Fast 100% sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

Er du ein sjukepleiar som ynskjer å tenke nytt? Me ynskjer isåfall deg på laget. 
Heimetjenesta har for tida ledig to 100% stillingar som sjukepleiar. 
I heimetjenesta arbeider ein ute på bygda i private bustadar og inne i omsorgsbustader.
Heimetjenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve.

Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte på kånn god takhøgde for forskjellige meiningar og mykje innslag av humor.
Me kastar oss ut i alle prosjekt som kan bidra til at me blir den beste heimetenesta, både for ansatte og pasientar. Me ynskjer ansatte som bidrar til å komme med forslag til nye løysingar og tør å prøve noko nytt. Avdelinga har årsturnus der man i stor grad er med å påverker si eiga turnus. Me har langvakter på helg for dei som ynskjer det.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarprosedyrar. 
  • Helsetenester og oppfylging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B
Ønska kompetanse
  • Erfaring frå helseteneste
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy
  • Erfaring og praktiske ferdigheter med sjukepleiarprosedyrar.

Særskilde krav
  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Personlege eigenskapar

    • Interesse for å utføre sjukepleiarprosedyrar
    • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
    • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • Er strukturerte og løysningsorientera
    • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar
    • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

    Vi tilbyr

    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

    Kontaktinformasjon

    Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

    Arbeidsstad

    Gamleveg 46
    3802 Bø i Telemark

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5077686080
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 18.03.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Elisabeth Josefsen

    Avdelingsleiar

    +47 99358302

    Om bedriften

    Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    779f6342-d05e-4d8f-8996-5954d42ca2a9

    Sist endret

    5. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    299fa63c8e334b528f932891910b9f10

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Bø sjukeheim Jønneberg Vihus

    Sted

    Bø i Telemark