Miljøterapeut 100% vikariat - Villatoppen Avlastningsbustad
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Eining Barn og familie har ledig 100% vikariat som miljøterapeut ved Villatoppen avlastningsbustad for snarleg tilsetting og fram til 01.10.26. Stillinga inngår i turnus 3. kvar helg.
Villatoppen har ansvar for iverksetting av ulike avlastingstiltak etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester for barn og unge under 18 år. Her kjem barn og unge på avlastning. Barna treng tett oppfølging og hjelp. Vi skal i lag med føresette vere ein forlenging av heimen. Ein skal øve på kvardagslege oppgåver som er forventa utifrå alder.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- Praktisk og personleg hjelp
- Aktivisering og fritidsaktivitetar
- Samarbeid med foreldre
- Samarbeid med andre hjelpeinstansar
- Utarbeide og følgje opp planar og tiltak
- Journalføre og dokumentere via fagsystem
- Legemiddelhåndtering
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag og pedagogiske fag. Får ein ikkje kvalifiserte søkjarar med bachelor, kan relevant fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar/omsorgsarbeidar bli vurdert.
- Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar vert vektlagt
- Gode norskkunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing;
- God samarbeidsevne, god kommunikasjon og evne å vere ein relasjonsbyggjar
- Trivast å arbeide med foreldre, barn og ungdom
- Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
- Evne til fleksibilitet og endring
- Vere opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kunna takla utfordrande åtferd
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7783dc2c-a6e3-4f87-adf7-4791c46b80e4
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3532121_226019_nn