Lærar til vikariat skuleåret 2026-2027 med relevant utdanning og erfaring med begynneropplæring
Gol kommune Gol skule
Svøovegen 62, 3550 Gol
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Gol skule er ein topp moderne 1-10 skule som var ny hausten 2016. Skulen har i underkant av 500 elevar. Det er 95 tilsette,
av dette 66 lærarar. Kulturskulen har tilhald i same bygget.
Skulen er leia av rektor, avdelingsleiar småskuletrinn og SFO, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn.
Gol skule arbeider etter ein kvalitetsplan der visjonen er «Alle skal med». Vi er ein lærande organisasjon og satsar på tilsette med høg relasjonskompetane og ein inkluderande praksis.
Vi søkjer:
Lærar til vikariat skuleåret 2026-2027 med relevant utdanning og erfaring med begynneropplæring
Kvalifikasjonskrav:
Grunnskulelærar med formell kompetanse i tråd med kapittel 12 i Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.
Fullført grunnskulelærarutdanning 1–7 med hovudvekt på begynneropplæring.
Vi ynskjer at du:
• Kan inspirere og motivere elevar, kollegaer og føresette
• Har eit tydeleg fokus på elevane si læring og arbeider målretta og sjølvstendig
• Kan bruke leik som eit aktivt verkemiddel i både sosial og fagleg utvikling
• Meistrar god klasseleiing og byggjer trygge og gode relasjonar med barn og unge
• Er fleksibel og har gode samarbeidsevner
• Er opptatt av deling og læring i profesjonsfellesskapet
• Bidreg aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
• Er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• Har gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg framstilling
Vi tilbyr:
• Ein skule der elevane trivst og opplever meistring
• Eit utviklingsorientert og engasjert fagmiljø
• Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
• Eit moderne og funksjonelt skulebygg
For stillinga gjeld:
• Kommunale løns- og arbeidsvilkår
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Ansiennitet blir rekna av godkjente kopiar av vitnemål og attestar.
Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist 7. juni
Spørsmål om utlysinga kan rettast til rektor Morten Lien (3202 9240 /9067 4463)
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7776a1e6-004d-4e3b-ab32-9a26bf884a57
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3633005_176935_nn