Kultursjef
Samfunn, kultur og miljø
Gate 1 64, 6700 Måløy, Markegata 51, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Kultursjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Kommunen sin samfunnsplan gir kultur ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og i møte med nye omstillingskrav.
Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale. Stillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.
Kulturområdet har i underkant av 30 årsverk, innan følgjande fagavdelingar: kulturskulen, ungdomsarbeid, bibliotek, kulturhusdrift, og frivilligheit. Fagområda er organisert med kvar sin avdelingsleiar/rektor. I tillegg kjem stabsarbeid/sakshandsaming/idrett.
Det er bestemt at kulturskulen og kulturtenesta skal slås saman til ei teneste, leia av ein kultursjef. Den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen er meint å gje ei meir samordna og kraftfull satsing på kultur i kommunen. Samtidig skal ny organisering ivareta kulturskulen sitt mandat gjennom opplæringslova og kulturlova. Ny kultursjef vil få ansvaret for å sette i verk denne samanslåinga.
Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune. Uansett må du vere innstilt på å tilpasse arbeidskvardagen din, slik at du er der det er behov for dialog med innbyggarar/næringsliv/kulturliv og utøving av leiing. Som kultursjef vil du ha stort handlingsrom til å sette dagsorden for kulturområdet innanfor dei økonomiske og organisatoriske rammene for området.
Arbeidsoppgåver
- Leie kulturområdet med ansvar for følgjande fagområde/avdelingsleiarar, kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit.
- Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt.
- Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv vil vere heilt sentralt.
- Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap.
- Forvaltning av søknadsordningar.
- Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen.
- Personalleiing.
- Økonomistyring.
- Deltaking i leiarnettverk både internt i kommunen og i regionale nettverk innan fagområda.
Kvalifikasjonar
- Kulturfagleg høgare utdanning frå høgskule/universitet.
- Erfaring frå offentleg forvaltning, eller annan relevant erfaring.
- Erfaring frå utviklingsarbeid.
- Leiarerfaring.
Personlege eigenskapar
Du må
- vere genuint opptatt av samfunnsutvikling
- vere opptatt av og innstilt på å arbeide med utvikling og omstilling innanfor tenesta for å tilpasse aktiviteten til endra føresetnadar
- vere kommunen sitt «ansikt utad» innanfor fagområdet, og det er viktig at du forstår og er bevisst denne rolla
- som leiar legge til rette for at dine medarbeidarar får rom for utvikling og plass i det offentlege rom
- vere serviceinnstilt og ha positiv haldning til både publikum og kollegaer
- ha evne og vilje til å tileigne deg, og dele ny kompetanse
- vere samarbeidsorientert og ha god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt
- trivst med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press
Vi tilbyr
- å vere ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling
- eit godt etablert leiarnettverk med «låg terskel» mellom ulike avdelingar og fagfelt i kommunen
- godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- løn etter avtale
- tilsetting på kommunale vilkår
- medlemsskap i offentleg pensjonsordning KLP
Kontaktinformasjon
Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, +47 91710500Arbeidsstad
Gate 1 646700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5155544465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Rolf Bjarne Sund
Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø
+47 91710500
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
776da33f-638f-4573-9e0f-181419d5c6cd
- Sist endret
15. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
97c2e0cb53d54b86928cd9f86855ec02