Hopp til innhold

Kulturskulelærar - Høyanger sørside

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Høyanger kulturskule

Sted

Høyanger, 6993 Høyanger

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 29. september

Kulturskulen er organisert under Høyanger skule, og har no ledig 20 % stilling som kulturskulelærar. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.27 – vikariat.

Oppmøtestad blir Ortnevik eller Bjordal.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.



Arbeidsoppgåver:


• Undervisning av enkeltelevar og grupper innan piano og/eller treblåsinstrument som t.d fløyte. Kan vere open for andre instrument/aktivitetar, avhengig av søkjarar sine kvalifikasjonar og ønskjer frå elevane.
• Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar
• Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen
• Utviklingsarbeid i kulturskulen
• Rekruttering av elevar til kulturskulen på Høyanger sørside

 

Kvalifikasjonar:


• Ønskeleg med musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk, men ikkje eit krav
• Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid
• Må kunne undervise på norsk
• Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast



Personlege eigenskapar:


• Gode samarbeidsevner
• Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
• Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
• Fleksibel i høve arbeidsoppgåver
• Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette

 

Vi tilbyr:


• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse»
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg kan påreknast.

Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Siv Anita Helle Gudvangen

Rektor Høyanger skule

+47 95790997

Om bedriften

Høyanger kulturskule har i overkant av 2 årsverk med 4 tilsette og ca. 90 elevar innanfor fagområda musikk og visuelle kunstfag. Skulen har eit godt samarbeid med grunnskulane i Høyanger kommune, fritidskulturlivet og professjonelle kunstnarar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

54bd3b5b-b08a-4ef8-894e-fe3afb26e8db

Sist endret

15. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3661895_203803_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser