Dataforskar
Digitaliseringsdirektoratet
Lørenfaret 1C, 0580 Oslo, Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Havnegata 48, 8900 Brønnøysund
Om jobben
Stillingstittel
Dataforskar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Om stillinga
Er du god til å hente ut viktig informasjon og samanhengar frå store datamengder? Vi søker deg som ønsker å arbeide med varierte og store mengder data, liker å ta ansvar og blir motivert av tanken på at offentleg sektor kan bli meir effektiv ved bruk av data.
Ønskjer du å jobbe i eit direktorat som bidreg til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester, og auka verdiskaping i offentleg sektor og samfunnet for øvrig? Da søker vi deg!
Avdeling for verksemdstyring (VIS) i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) har ei nyoppretta fast stilling som seniorrådgjevar. Vi søker ein dataforskar som skal bidra til å bygge kompetanse og kapasitet for å utføre meir avanserte analysar. Vi ønskjer meir bruk av kvantitative metodar i beslutningsprosessane og i større grad utnytte tilgjengeleg data.
Du vil vere plassert i VIS, men det blir forventa at du kan jobbe breitt i Digdir. Du skal jobbe med heilskapen i Digdir og leggje til rette for at leiinga kan ta gode beslutningar basert på data. Digdir arbeider også med fleire viktige oppgåver der du kan få ei sentral rolle.
Stillinga inngår i seksjon for styring og strategi og har ansvar for mellom anna at beslutningstakarar har tilgang til gode styringsdata. Seksjonen er nyoppretta og skal samarbeide tett med dei øvrige seksjonane i VIS og avdelingar.
Arbeidsstaden er Oslo, men søkarar med arbeidsstad Brønnøysund og Leikanger blir også vurdert.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Tett samarbeid med fagavdelingane for å forstå korleis data kan forbetre styring, leveransar og tenester i Digdir
- Operativt arbeid med analyse, datavisualisering og modellering
- Bidra til Digdirs og avdelinga sitt strategiske arbeid innan dataanalyse
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har- relevant utdanning på mastergradsnivå innan eit kvantitativt fagområde, gjerne statistikk, matematikk, økonomi, fysikk, biologi eller liknande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- minst 3-4 års relevant arbeidserfaring, gjerne innan analyse av store datamengder på tvers av ulike fagområde
- erfaring med å programmere føremålstenleg i R, SQL, Python og/eller andre programmeringsspråk
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med dataplattformer, fortrinnsvis Microsoft Fabrics eller tilsvarande
- erfaring med skyplattformer som Azure, AWS eller GCP
- kjennskap til CI/CD-prosessar, gjerne gjennom GitHub
- forståing for forvaltninga sin virkemåte (organisering, beslutningsprosessar m.v.)
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som- er nysgjerrig og evnar å løyse komplekse problemstillingar
- utfordrar etablerte rutinar
- trivst med å dele kompetanse og er ein ivrig formidlar
- har sterk vilje til gjennomføring og er oppteken av resultat
- jobbar sjølvstendig og har samstundes gode samarbeidsevner
- evnar å balansere operativt ansvar med strategisk tenking, og prioriterer tydeleg
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- lønn som seniorrådgjevar i lønsspennet kr 700 000 - kr 900 000 per år etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn
- personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- du får fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening per veke i arbeidstida
- hybrid arbeidskvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe heimafrå og møtast på kontoret når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jonas Kjærvik
E-post: jonas.kjarvik@digdir.no
Telefon: 911 95 193
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7743796b-8b34-4c50-afec-cb0dda65e1ef
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266781
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Leikanger, Brønnøysund, Oslo
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Oslo, Brønnøysund, Leikanger
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Oslo