Kyrkjelydspedagog ved Kinn kyrkjelege fellesråd, Florø
Kinn Kyrkjelege Fellesråd
Strandgata 43, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Menighetspedagog
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig 80 - 100 prosent fast stilling som kyrkjelydspedagog, med kontorstad Florø, og med snarleg tiltreding.
Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for kyrkjer og gravplassar i Kinn kommune, i tillegg til trusopplæringstilbodet for medlemmane i kyrkja. Det er seks sokn, sju kyrkjer, 20 kyrkjegardar og om lag 17 000 innbyggjarar. Vi har kontor i Florø og Måløy. Kring 80 prosent av innbyggjarane er medlemar i folkekyrkja. Denne stillinga vil i utgangspunktet gjelde for dei fire sokna i den sørlege delen av kommunen. Det må påreknast arbeid på kveldstid og i helger. Dette er ei utøvande stilling.
Arbeidsoppgåver:
-
Administrere og leie konfirmantarbeidet, inklusive undervising
-
Leggje til rette, planleggje og gjennomføre trusopplæringstiltak
-
Eit særleg ansvar for born og unge i kyrkjelydane
-
Koordinere frivillig arbeid i fellesrådet
-
Andre oppgåver delegert frå kyrkjeverja
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
-
Relevant utdanning innan pedagogikk, ungdomsarbeid eller liknande
-
Gode kristendomskunnskapar
-
Relevant erfaring frå ungdomsarbeid
-
Gode samarbeidsevne -- både med tilsette, ungdomar, frivillige og andre
-
Bør ha førarkort og disponere eigen bil
-
Må ha evne til å tilpasse seg dei gruppene ein arbeider med
-
Må meistre norsk munnleg og bør kunne skrive nynorsk
-
Fleksibilitet og engasjement vert lagd stor vekt på
-
Dette er ei sjølvstendig stilling, og kandidaten må kunne arbeide åleine
Vi vil leggje stor vekt på at kandidaten er eigna til arbeidet, og vil difor fokusere særleg på personlege eigenskapar.
Stillinga vert lyst ut i lønskode 5237, med krav om utdanning på bachelor-nivå eller tilsvarande. Kandidatar med mindre utdanning er velkomne til å søkje, men vert plassert i lønskode 5249, med krav om fagbrev, eller i lønskode 5228, utan krav til utdanning. Kandidaten må vere budd på at stillinga kan endre seg etter behovet i fellesrådet.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert lagd stor vekt på at personen er eigna til stillinga. Pensjonsordning gjennom KLP. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter lover, reglement og tariffavtale. Vi krev godkjend politiattest ved tilsetjing på grunn av arbeid med born og unge, jf. trussamfunnslova § 20. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar kan gjerast offentlege, jamvel om søkjaren bed om å ikkje vere offentleg, jf. offentleglova § 25.
Send søknad og dokument til dag.henrik.nygaard@kinn.kyrkja.no. Søknadsfrist 29. april 2022
For meir informasjon, kontakt kyrkjeverja i Kinn Dag Henrik Nygård, 466 455 75
Om bedriften
Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for kyrkjer og gravplassar i Kinn kommune, i tillegg til trusopplæringstilbodet for medlemmane i kyrkja. Det er seks sokn, sju kyrkjer, 20 kyrkjegardar og om lag 17 000 innbyggjarar.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1979823
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
77264df1-bb12-47d2-8259-599169916529