Har du hjarte for eldre med psykiske lidingar? Vi ser etter deg!
Eldremedisinsk post alderspsykiatri, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Oppstart
4. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Hjå oss får du ein kvardag fylt med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Som ein del av teamet vårt vil du jobba med pasientar som treng alderspsykiatrisk kompetanse, der miljøbehandling, tverrfagleg samhandling mellom ulike profesjonar med pasienten i fokus, samt tett samarbeid med pårørande og kommunen, er sentralt.
Vi deler kunnskap, støttar kvarandre og lærer saman – blant anna gjennom internundervisning og rettleiing av studentar og nytilsette.
Arbeidsmiljøet vårt?
Dei tilsette beskriv det som inkluderande, ope og prega av at vi ser og heiar på kvarandre.
– Dette er ein utruleg kjekk arbeidsplass. Alle som byrjar her – også studentar – opplever seg som varmt velkomne, fortel fagansvarleg sjukepleiar Grethe Thorsen Liknes.
Du vil få eit skreddarsydd opplæringsprogram og ein fleksibel årsplan som kan tilpassast dine ønskjer. Vi legg til rette for at du kan trivast både på jobb og i fritida med fantastiske friluftsmoglegheiter i distriktet.
👉Høyrest det spanande ut? Velkomen som søkjar hos oss!Kva går jobben ut på?
- Pasientoppfølging og observasjon under utgreiiningsopphald
- Jobba på sengepost med pleie, behandling, undervisning og rettleiing. Tverrfagleg samarbeid er ein viktig del av kvardagen.
- God omsorg for pasienter og pårørande.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autoriasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Det er ynskeleg med vidareutdanning/erfaring innan alderspsykiatri/demensomsorg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller
- annnorsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er oppteken av god pasientbehandling
- kommuniserer godt med både pasientar, pårarande og kollegaer
- er påliteleg, møter presis og held avtalar
- liker å jobbe saman med andre fagpersonar og bidreg til eit godt samarbeid i teamet
- bryr deg om kollegaene dine og er med på å byggje eit trygt og støttande arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Kvifor skal du velje oss?
Vi har:
- Langvakter fra årsplan 2026
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
- Konkurransedyktig pensjonsordning.
- Ønsketurnus/årsarbeidsplan
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Grethe Thorsen Liknes, Fagsjukepleiar, 46889361Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4956186708
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 31.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Grethe Thorsen Liknes
Fagsjukepleiar
46889361
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921307
- Hentet fra
talentech
- Referanse
86601dbdc5454afa819aad61ac3facf5