Hopp til innhold

Har du lyst til å bli ein del av hjartet i Suldal kommune?

Arbeidsgiver

Suldal kommune Kultur

Sted

Eidsvegen 7, 4237 Suldalsosen

Om jobben

Stillingstittel
Bibliotekar i deltidsstilling
Type ansettelse
Fast, deltid 24%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. juli

Ryfylkebiblioteket Suldal – avdeling Suldalsosen 

Det er ledig ei 24 % stilling som bibliotekar ved Ryfylkebiblioteket Suldalsosen frå 1. august 2026. Biblioteket er ope for skuleelevar frå 1.–7. klasse på dagtid og er ope nokre timar på ettermiddagen for innbyggjarane i bygda. Stillinga følgjer skuleåret (42 vekers arbeidsår), og biblioteket er stengt i skulen sin sommarferie. 

Det er mogleg å kombinera stillinga med ei 2,5 % laurdagsvaktstilling ved hovudbiblioteket. 

Om stillinga 

Arbeidet i biblioteket er variert og omfattar mellom anna innkjøp og klargjering av bøker, vedlikehald og presentasjon av samlinga, samarbeid med skule og lokalsamfunn, og å ta imot og rettleia brukarar. 

Arbeidsoppgåver 

  • Skranke- og publikumsarbeid med fokus på god service og gode brukaropplevingar 
  • Klargjering av bøker og arbeid med utvikling og vedlikehald av samlinga 
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement, samt praktisk bistand ved aktivitetar 
  • Samarbeid med skule og lokalmiljø 
  • Ansvar for innlån av bøker på andre språk til supplering av samlinga 
  • Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter behov 

Kvalifikasjonar 

  • Minimum 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning (min. 180 studiepoeng) 
  • Relevant utdanning, gjerne innan bibliotek- og informasjonsfag 
  • Erfaring frå bibliotek, kulturarbeid eller formidlingsarbeid er ein fordel 
  • Interesse for og erfaring med formidling av litteratur, særleg til barn 
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner 
  • Digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye løysingar 
  • Kjennskap til biblioteksystem er ein fordel 
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing 

Opning for søkjarar utan formell kompetanse: 
Søkjarar som ikkje fyller kravet om 3-årig utdanning kan i særskilde tilfelle bli vurderte dersom dei har annan relevant kompetanse, erfaring og/eller personlege føresetnader for stillinga med andre vilkår jfr. gjeldande avtaleverk.  

Personlege eigenskapar 

  • Du er omgjengeleg og glad i å arbeida med menneske 
  • Du likar å formidla litteratur og kunnskap 
  • Du trivst med varierte arbeidsdagar 
  • Du tek initiativ og samarbeider godt med andre 
  • Du kan arbeida både sjølvstendig og i team 
  • Du ønskjer å bidra til eit aktivt bibliotek i lokalsamfunnet 

Me tilbyr 

  • Løn etter kvalifikasjonar 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Variert og meiningsfullt arbeid i eit fagleg miljø 
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø 
  • Høve til fagleg utvikling og kompetanseheving 

Du blir del av eit kollegium som møtest jamleg til fagleg påfyll og sosialt samvær. 

Nærare opplysningar 

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med biblioteksjef:
Anne Mo, tlf 45 61 29 73 

Søknadsfrist: 5. juli 2026

Send søknaden elektronisk via kommunen si nettside.

Me gler oss til å høyre frå deg – velkommen som søkjar!

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Mo

+47 45612973

Om bedriften

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

771f8751-ff41-4fd6-9247-8ed2447147e3

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639805_200265_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser