Hopp til innhold

Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri

Arbeidsgiver

AVDELING FOR PSYKISK HELSEVERN BARN OG UNGE, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. september

Er du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri?
Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her blir du ein del av eit fagleg godt fellesskap.

I avdelinga vår har vi ledig fast stilling som LIS-lege ved alle dei fire poliklinikkane i Ålesund, Molde, Volda og Kristiansund. 
Vi kan også tilby vikariat med minimum 6 månader lengde dersom det er aktuelt.

Vi har god spesialistdekning og fleire overlegar per LIS. Vi kan difor tilby god oppfølging og rettleiing av deg som nytilsett. Vi legg til rette for fagleg fordjuping og jobbar kontinuerleg med utvikling av pasienttilbodet vårt. Vi har tatt i bruk kunstig intelligens som støtteverkty for behandlarar og har stort fokus på digitalisering.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon i Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si eining i Ålesund er samlokalisert.
Poliklinikkane har samansette og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi ulike spesialiserte team og akutt-ambulante team. Vi kan vere fleksible i forhold til kva team ein vel å arbeide i.

Vi samarbeider med heile regionen om å tilby ei LIS-utdanning med høg kvalitet, og du vil delta i både lokal og regional LIS-utdanning.  Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsløpet.
Arbeidsstad er i ein av dei fire byane i vakre Møre og Romsdal fylke, med flott natur og eit rikt kulturliv.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • I Ålesund kan lege etter avtale ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og bestått LIS1 - teneste, eller turnusteneste etter gammal ordning
  • LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredning
  • Du er lege og ønskjer spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri
  • Legar i anna utdanningsløp som ønskjer å jobbe minimum 6 månadar i barne- og ungdomspsykiatri, kan søkje på vikariat
  • Lege som ventar på turnusteneste kan søke på vikariat
  • Medisinstudent med lisens kan søkje på vikariat
  • Å vere personleg eigna vert vektagt ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Du har gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollega, og framstår som ein trygg og kompetent vaksen
  • Du har interesse for fag- og organisasjonsutvikling, samt forbetringsarbeid
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Du har evner som lagspelar, men kan vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Du har evne til å medverke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, 41274620, jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5164214262
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Jenny Irene Raftevold Lyngstad

Avdelingssjef

41274620

jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

770ac403-122b-4908-9b25-14ef71470a7b

Sist endret

17. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

003aa69429b44967a9ded59bbfb930b1

Lignende annonser

Laster lignende annonser