Ferievikar 2024 - Radiograf/ radiografstudentar
Ferievikarar Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2024 - Radiograf/ radiografstudentar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
7
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda omfattar røntgenseksjonen ved Ålesund sjukehus, brystdiagnostisk senter (BDS) i Møre og Romsdal og nukleærmedisin og røntgenseksjonen ved Volda sjukehus. Avdelinga utfører årleg ca. 100 000 undersøkingar. BDS er då ikkje medregna.
Radiologi Ålesund har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33.
Det kan bli høve til å starte tidlegare, og også til forlenging av tilsetting.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Autorisert radiograf
- 2. eller 3. års radiografstudent kan også søkje
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksjonsleiar, Lisa.Steinberg@helse-mr.noRune Akerø Svenslid, Seksjonsleiar, rune.svenslid@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4732783397
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 15.02.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2493763
- Hentet fra
talentech
- Referanse
55996900addc4749962f85c3b285f929