Lyst på ein aktiv og lærerik deltidsjobb, som òg tilbyr ekstra jobb i sommar? Circle K Volda ansetter :)
Circle K NOR Franchise
6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. april
Lat oss seie det først som sist. Circle K er slett ikkje jobben for alle, men han passar for mange. Og dei som passar, elskar å jobbe her!
I tida som deltidsarbeidar har vi sett kollegaer kome og gå. Dei som vel å kaste inn handkleet, seier ofte at jobben var for kompleks, at arbeidslista var for lang. Dei som held ut, har til felles at dei toler tempoet og at dei diggar kjensla av å ha gjort eit skikkeleg godt stykke arbeid.
Det vi treng no, er ein triveleg kollega og lagspelar som:-
Blir motivert av å levere topp service til alle som besøker stasjonen, og tek det som ein sport å bite tennene saman og smile når kunden klagar på rekesalaten for tredje gong
-
Held hovudet kaldt når køane er lange, kaffimaskina er tom, og vaskemaskina har stoppa
-
Ikkje pilar på do når pallane med spylervæske skal berast og klargjerast for sal, men brettar opp ermene og tek det som ei treningsøkt
-
Er interessert i mat og blir motivert av å steike den beste burgeren i mils omkrins
-
Stiller opp på kort varsel dersom nokon har blitt sjuke eller ved behov (og forventar det same av andre)
-
Forstår at ein må vaske toalett og golv, sjølv om det ikkje alltid er favorittoppgåva
-
Er glad i folk og tek ansvar for å halde stasjonsområdet like ryddig på utsida som på innsida
For oss som jobbar deltid, er det dei færraste som planlegg å byggje karriere her. Men det er mogleg! Og for deg som vil bli filmregissør, lærar eller jurist, er Circle K ein fantastisk plass å byggje CV og erfaring som er gull verdt å ta med seg vidare i arbeidslivet.
Høyrest dette interessant ut? Då foreslår vi at du tek kontakt med ein gong! Vi treng no 2--3 nye kollegaer som kan tre inn i ei deltidsstilling hos oss. Det vil vere mogleg å jobbe meir for dei som ønskjer det, og det vil vere behov for at du jobbar i ei større stilling tidvis over sommarsesongen.Stillinga passar perfekt for studentar, deg med friår, eller for deg som for eksempel ønskjer å kombinere denne jobben med ein annan deltidsjobb. Jobben vil bestå av dag-, kveld- og helgevakter.
Du må vere over 18 år og snakke veldi godt norsk, sidan du kjem til å jobbe vakter åleine. Vennleg helsing oss på Circle K Volda :)Om bedriften
Sektor
Privat