MST-terapeut
MST Bergen team 2
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- MST-terapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. januar
Vil du ha ein fleksibel arbeidskvardag og vere med på å utgjere ein forskjell for ungdom og familiar, kan MST-terapeut vere noko for deg. Vi søker fortrinnsvis psykolog/psykologspesialist, men kandidatar med helse- og sosialfagleg bakgrunn og relevant klinisk vidareutdanning, kan og søkje.
Stillinga er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team, 2 RFT team i Bufetat region vest. NUBU ( Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge) leiar implementering av MST i Noreg og vil delta aktivt i tilsetjingsprosessen.
Bufetat har eigne einingar som driv med multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. MST er ein evidensbasert metode, utvikla i USA. Terapeutane jobbar i heim, nærmiljø og skole med foreldre og ungdom, og er eit alternativ til institusjonsbehandling. Kvar terapeut jobbar med 3-5 familiar om gongen, med gjennomsnittlig behandlingstid på 4 månader. I løpet av ei uke har du fleire treffpunkt med familiane du følgjer opp, samt møter med andre frå «laget rundt ungdommane» som skule, barnevern, psykisk helsevern osv. Møtene blir lagt til tider som passar for familiane, og vil derfor kunne foregår på ettermiddag/kveld. Arbeidsbelastninga per veke vil variere, og styres av kva som skjer i behandlingane. Eit MST-team består av tre-fire terapeutar og ein avdelingsleiar/rettleiar som er fagleg og administrativt ansvarleg for teamet. MST-teamet er tilgjengeleg for familiane 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Vakttelefon vil rullere mellom terapeutane. Tilgjengelegheit i rolla som terapeut er regulert gjennom eigen særavtale for MST og er godt økonomisk kompensert, i tillegg til ekstra fridagar.
Arbeidsoppgåver
- Terapeutisk arbeid etter MST sine behandlingsprinsipp og analyseprosess
- Koordinera det faglege arbeidet i kvar enkelt sak og støtte familiane i å samarbeide nært med blant anna skule, PPT, barnevern, politi og psykisk helsevern
- Delta i vekentleg rettleiing og konsultasjon, samt jamleg opplæring
- Utføre MST sine kvalitetssikringsrutinar
- Drive informasjonsarbeid om MST
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis profesjonsstudiet i psykologi. Kandidatar med mastergrad/hovedfag i helse- og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning, eller bachelor i helse-og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning kan også søkje.
- Grundig kjennskap til det teoretiske fundament som metoden byggjer på, det vil sei system/familieteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori
- Gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Vidareutdanning og/eller erfaring frå familieterapi eller kognitiv terapi og arbeid med barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar er svært ønskjeleg
- Relevante IKT-kunnskapar
- Førarkort for bil klasse B
- Det er svært ønskjeleg at du kan disponera eigen bil i tenesta, mot kilometergodtgjering
Vi ønsker oss ein kollega som
- Er ansvarsbevisst
- Er resultatorientert og har gjennomføringsevne
- Har ønskje om og evne til å arbeide systematisk, målretta og fleksibelt
- Har svært gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar
- Kan arbeida sjølvstendig
Personlege eigenskapar vil vektleggjast høgt
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690 000-730 000 pr år, kode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 800 000-900 000 pr. år eller kode 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 750 000 - 830 000 pr år.
- Alternativt som sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1509 spesialutdanna vernepleier, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, p.t. kr 650 000- 730 000 pr år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Det forventast høg grad av tilgjengelighet, noko som bli godt kompensert i eigen MST særavtale. For at behandlinga skal være tilgjengeleg for familien 24/7 er ein av MST-terapeutane tilgjengeleg for alle behandlingane i teamet pr uke etter turnus. Her blir det også gitt lønnskompensasjon.
- Løyve til å trene ein time pr. uke i arbeidstida.
- Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv.
- Vil tilbyr grundig opplæring i metoden i form av et 12-modulers e-læringskurs ( på engelsk) i samarbeid med veileder og et to-dagers kurs i ferdighetstrening i regi av NUBU. Dette er en forutsetning for å kunne starte som MST-terapeut.
- I tillegg til og grunnopplæring tilbyr vi faglege boostere kvert kvartal.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeiderarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er p.t. lagt til MST Bergen.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngis. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Merete Lekven, Avdelingsleiar, 46616153Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5057810605
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Merete Lekven
Avdelingsleiar
46616153
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
76e7a0b3-7e3c-487b-aac0-021a05f4a9e6
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7517c7f6849c4c74a0e38b3e4fbff299
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bergen Akutts. avd. Nattland, Bufetat
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Rus- og avhengigheitsklinikken/ TSB poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Bergen akuttsenter avd. Nattland, Bufetat
Sted
Bergen