Vil du jobbe i skjeringspunktet mellom økonomi og berekraft?
Nav økonomiteneste
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Nav økonomiteneste (ØT) står framfor fleire utviklingsløp dei næraste åra og treng å styrke laget. Er du klar for ein spennande utfordring der du får vere ein viktig bidragsytar til at vi innfrir ambisjonane våre?
Vi ser etter deg som vil ta ei sentral rolle i utviklinga av klimarekneskapet til Nav. Med ditt engasjement for økonomi og berekraft blir du ein viktig drivar i utvikling og forvaltning av klimarekneskapet. Du får ansvar og handlingsrom til å ta eigarskap til oppdraget, og med deg på laget får du dyktige kollegaer.
Nav skal vere førebudd på framtidige krav og moglegheiter, og skal jobbe systematisk med berekraft i heile organisasjonen. Vårt ansvar er å etablere eit klimarekneskap som viser utsleppa våre, slik at vi kan jobba målretta for å redusere dei. Dette er eit langsiktig arbeid der vi skal bygge stein på stein, og vi ser etter deg som kan styrke oss med din kompetanse og erfaring.
Nav økonomiteneste har ei viktig rolle i å utvikle økonomiområdet i Nav. Vi har dei siste åra teke i bruk fleire nye løysingar, for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre. Vi har òg ei viktig rolle for å jobbe førebyggande og målretta for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten. I tillegg til ansvaret for klimarekneskap vil du få ta del i fleire spennande prosjekt og utviklingsløp. Du vil bli ein aktiv sparringspartnar og bidra med tydeleg retning og rådgjeving på tvers av fagområda våre.
Kven vi ser etter?
Vi ser etter deg som er motivert for ei rolle som kombinerer operativt arbeid med strategisk tankegang. Du bygger gode relasjonar, inviterer til samhandling og inspirerer. Du er analytisk, strukturert og oppteken av detaljar – men ser òg heilskap og samanhengar. Du tek initiativ og er trygg i rolla som prosessdrivar, og har erfaring med å handtere fleire oppdrag samtidig.
Arbeidsoppgaver
- Leie teamet som etablerer Nav sitt klimarekneskap
- Aktiv bidragsytar inn i berekraftsarbeidet i Nav
- Tett dialog med direktør og leiargruppa
- Dialog og nettverksbygging
- Sikre god kommunikasjon og involvering av interessentar
- Utgreiingsoppgåver innan berekraft og andre område ved behov
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis på masternivå, til dømes innan økonomi, samfunnsfag, miljøvitenskap eller berekraft.
Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet. - Erfaring med å leie utviklingsløp eller prosjekt
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
- Kjennskap til offentleg sektor er ein fordel
- Erfaring med klimarekneskap er ønskjeleg
Personlige egenskaper
- Du jobbar godt både sjølvstendig og i lag med andre, og du har evne til å prioritere mellom oppgåver
- Du er open og nysgjerrig, og kan sette deg inn i nye fagområde og arbeidsprosessar
- Du er strategisk og utviklingsorientert med sterk[AM1] [IB2] gjennomføringsevne
- God på tverrgåande samhandling, kan bygge relasjonar og setje felles mål
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver
- Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida
- Lønn som seniorrådgjevar i lønnsspenn 650 000 – 850 000 brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på fem seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Kontaktinformasjon
Torill Skårhaug, Seksjonssjef Rekneskap og analyse, 91521263, torill.skarhaug@nav.noIngeborg Husabø Bjørseth, Fung. seksjonssjef Fagstøtte, 48294414, ingeborg.husabo.bjorseth@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4971417867
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2944921
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f5fd6f379b0d4c2e95224b90592970a6