Førsteamanuensis II i nordisk litteratur
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Førsteamanuensis II i nordisk litteratur
Type ansettelse
Åremål, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wFørsteamanuensis II i nordisk litteratur
Velkomen som søkjer til ei 20 % åremålsstilling (ekstraverv – «bistilling») som førsteamanuensis II i nordisk litteratur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetting. Ønskja oppstartsdato er 1. august 2025 eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i bistilling er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen.
Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Instituttet er óg stolt vertskap for to sentre, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Av dei fast tilsette ved instituttet arbeider for tida fem innanfor nordisk litteratur.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå innan nordisk litteratur
- Sensurarbeid på bachelor- og masternivå.
- Administrative oppgåver i knytt til undervisning.
- Ta del i den faglege utviklinga ved instituttet.
Undervisingsspråket er norsk.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Forskingskompetanse innan nordisk litteratur tilsvarande norsk doktorgrad er eit krav.
- Erfaring med undervisning og rettleiing i nordisk litteratur på universitetsnivå.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
I vurderinga av søkjarar vil det bli lagt vekt på mogelegheita for å tre raskt inn i inn undervisningsoppgåvene. Den som vert tilsett vert forventa å vere til stades campus vekentleg.
Vi tilbyr:
- Brutto årsløn på kr 745 000,- til 785 000,- i full stilling (kode 1011). Videre lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Eit dynamisk og stimulerande arbeidsmiljø.
- Gode mogelegheiter for fagleg utvikling og nettverksbygging.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev.
- CV.
- Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
- Publikasjonsliste (som vedlegg).
- Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga.
- Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.
Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Frode Helmich Pedersen, per e-post: frode.pedersen@uib.no.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig