Vil du bli lærling i ein kommune i vekst?
Bjørnafjorden kommune HR-avdelinga
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i Service og administrasjonsfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Som lærling i service og administrasjonsfaget får du ta del i dagleg drift av ein stor organisasjon, og vere med på å utvikle Bjørnafjorden kommune inn i framtida. Kanskje er det deg?
Som lærling i service og administrasjonsfaget vil få erfaring med eit vidt spekter av arbeidsoppgåver, rutinar og digitale system som blir brukt i administrasjonen av ein moderne kommune.
Du vil vere tilknytta HR-avdelinga, der vi har ansvar for lønn, personal, organisasjonsutvikling og IT. Du vil og få jobbe med administrative oppgåver i andre avdelingar i kommunen. Som lærling vil du få god kjennskap til offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk.
Bjørnafjorden kommune kan tilby ein spennande læreplass, eit inkluderande arbeidsmiljø og kjekke kollegar å samarbeide med i kvardagen. Vi gler oss til å ønske deg velkommen på laget vårt!
Arbeidsoppgåver du vil få erfaring med
- Postmottak, arkivering, skanning, journalføring og enklare saksbehandling
- Personaladministrasjon og rekruttering
- Brukarstøtte og kundeservice
- Betjene sentralbord og kundetorg
- Rekneskap- og økonomioppgåver
- Fullført og bestått VG2 – Service, sikkerhet og administrasjon. Anna relevant skulegang og arbeidserfaring kan bli vurdert
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
- Dersom du søker plass som lærekandidat, må dette komme tydeleg fram i søknaden
- Er motivert for å lære og har interesse for service- og administrasjonsfaget
- Har godt humør, likar å hjelpe og finne gode løysingar saman med andre
- Har interesse for digitale løysingar
- Kan jobbe sjølvstendig og følge planar og tidsfrister
- Er punktleg og påliteleg
- Spennande og relevante arbeidsoppgåver innanfor personal, økonomi, administrasjon og arkiv
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med gode kolleger
- Systematisk oppfølging i læretida
- Løn etter gjeldande avtale
- Eigne samlingar for lærlinger
Som lærling i Bjørnafjorden kommune må du kunna identifisera deg med verdiane våre; Vi lyttar med respekt, vi finn smarte løysingar, vi gjer det vi seier og vi er inkluderande.
Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
769e54d1-62c6-4bd5-aad3-9322dfdff4de
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3521543_195983_nn