Hopp til innhold

Rådgjevar - vatn og avløp forvaltning

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar - vatn og avløp forvaltning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. november

Bli med å skape trygge og berekraftige løysingar for framtida!

Tenesteområdet Eigedomsforvaltning søkjer ein engasjert og kompetent VA-person til å vere med å utvikle fagmiljøet vårt. Som rådgjevar innan vatn- og avløpsfaget får du ei sentral rolle i saksbehandling, planlegging og gjennomføring av vedlikehald. Du vil samarbeide tett mot VA-drift og prosjektavdelinga for å sikre heilskaplege og berekraftige løysingar. Stillinga rapporterer til einingsleiar for veg, vatn og avløp forvaltning. 

Foran oss ligg mange spennande oppgåver for å sikra at alle innbyggjarane våre har eit trygt og godt drikkevatn, og samtidig å sikra gode, miljøvennlege løysingar for avløp.


Om oss

  • Eining for veg og VA forvaltning er ei av fire einingar under tenesteområde Eigedomsforvaltning. Føremålet med eininga er å sikre planlegging, vedlikehald og utvikling av kommunal infrastruktur, slik at innbyggjarane har trygt drikkevatn, avløp blir handtert utan forureining, og vegnettet er trygt å ferdast på. Eininga består i dag av 7 rådgjevarstillingar, ein fagleiar VA og einingsleiar.
     
  • Alver er ein kommune med flott natur, gode lokalsamfunn og sterk utvikling. Her kan du bu både landleg og urbant – og kanskje vil denne stillinga gje deg kortare veg til jobben, utan lange bilkøar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere etter erfaring og kompetanse hjå søkjar. Eininga har eit breitt spekter av oppgåver, som mellom anna krev god dialog med innbyggjarar, næringsliv og private utbyggjarar. Vi følgjer leidningsnettet heilt frå planleggingsfasen hjå utbyggjarar, til det blir overtatt til kommunal drift og vedlikehald. 

Relevante oppgåver vil vere:

  • Utarbeide planar for vedlikehald og investeringar i leidningsnettet
  • Følgje opp entreprenørar ute på byggeplass
  • Offentlege anskaffingar og følgje opp rammeavtalar innan VA-faget
  • Godkjenne og følgje opp VA-tekniske planar
  • Vedlikehalde og oppdatere kart og FDV-system for VA-nettet i kommunen
  • Generell saksbehandling innan VA-faget
    • Røyrleggjarmeldingar
    • Rettleiing for innbyggjarar
  • Andre arbeidsoppgåver som fell natruleg inn under avdelinga og tenesteområdet

Kvalifikasjonskrav 

Vi søkjer deg som har erfaring innan VA, gjerne frå offentleg sektor. Det er eit krav at du:

  • Har 3-årig relevant ingeniørutdanning eller teknisk fagskule m/relevant fagbrev. 
    • Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi ynskjer deg som

  • Har kjennskap til gjeldande lovar og forskrifter
  • Er motivert, målretta, sjølvstendig, og har god gjennomføringsevne
  • Trivst med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
  • Er trygg i deg sjølv, og handterar å jobbe i eit lite fagmiljø
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Er interessert i IKT og digitale løysingar
  • Har førarkort klasse B

 


Kva kan me tilby deg?

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver som gjer ein forskjell for lokalsamfunnet
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, og fokus på trivsel, samarbeid og kompetansedeling
  • Moglegheit for heimekontor etter gjeldande retningslinjer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Fleksitidsordning
  • Lønn etter avtale

Kontaktpersoner for stillingen

Inger Marie Jordal

Tenesteleiar Eigedomsforvaltning

+4795205535

inger.marie.jordal@alver.kommune.no

Mette Lomsøy

Fagansvarleg vatn og avløp forvaltning

+4748846230

mette.lomsoy@alver.kommune.no

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit godt arbeidsmiljø der du kan utvikle deg. 

Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7692f9b0-c91a-4182-8175-0c6c55175bbc

Sist endret

30. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10310809

Lignende annonser

Laster lignende annonser