Hopp til innhold

Tannlege

Arbeidsgiver

 Sogndal klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Sted

Øyagata 12A, 6868 Gaupne

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

Me vil få to ledige tannlegestillingar på Gaupne tannklinikk frå sommaren 2026. Dette er ein tannklinikk med 3 behandlingskontor der det er budsjetert for 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar. Gaupne tannklinikk ligg under Sogndal klinikkområde og har tett samarbeid med Sogndal tannklinikk.

Gaupne er ei triveleg bygd i Luster kommune, vakkert plassert inst i Sognefjorden. Her bur du midt mellom fjord og fjell, med Jotunheimen rett i nærleiken – eit eldorado for turar, ski, klatring og friluftsliv året rundt.
Frå Gaupne er det kort veg til Sogndal, som er regionsenteret i Indre Sogn, med høgskulemiljø, kulturtilbod, butikkar og flyplass. Området gir gode moglegheiter for ein aktiv kvardag, samstundes som det er trygt og godt å bu.
Dette er ein stad som passar svært godt for deg som ønskjer å kombinere fagleg arbeid med natur, ro og livskvalitet.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
    jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.

Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.

Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.

Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Dorte Grønsberg, klinikkleiar (tannlege), +47 95204759

Arbeidsstad

Øyagata 12A
6868 Gaupne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5110276465
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 15.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Dorte Grønsberg

klinikkleiar (tannlege)

+47 95204759

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

76887490-22e7-4276-9c63-60ed5012eac9

Sist endret

24. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a4293209b92e412091e716f835fdef11

Lignende annonser

Laster lignende annonser