Psykologspesialist/psykolog
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Psykiatrisk klinikk har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde.
Den tilsette må kunne jobbe andre stadar ved behov.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt, sikkerheitspost og vaksenhabilitering. Avdelinga har ca 200 årsverk og av desse er det 14 psykologar. Det er eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk.
Vi flytta inn i nytt moderne bygg i mars 2021 der vi har poliklinikk og 4 sengepostar med til saman 41 sengeplassar. Vi er samlokalisert med Førde BUP og vi ligg tett på Førde sentralsjukehus. Nybygget har ført til at fleire tilsette har blitt samla i eit større fagmiljø. Psykolog i spesialisering har høve til å kunne få all teneste som trengs for spesialisering i Førde.
DPS dag er ein poliklinikk for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Tilsette er tverrfagleg samansett med psykologar, legar og høgskuletilsette. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø. DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eBehandling, MBT, B4DT. Vi har eit oppsøkjande psykoseteam og er i ferd med å etablere eit FACT team.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane.
- Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta. Den som blir tilsett vil vere med og utvikla tenestetilbodet.
- Ved interesse kan det være aktuelt å jobbe i FACT team.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykologi.
- Søkere med spesialisering innen nevropsykologi er ønskjeleg
- Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing og deltaking på kurs som ledd i spesialistutdanning for psykologar som er under utdanning til å bli psykologspesialist
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 473 24 767Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4968841374
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Rebecca Mendes Melvær
Seksjonsleiar
(+47) 473 24 767
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
76606816-c32e-4fa7-a584-46f8a35e734b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f92a2512cf5493e933e35734588cb80