Ledig heimel: Fysioterapeut med driftstilskot
Ergo- og fysioterapitenesta
Leirdalen 25, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledig heimel: Fysioterapeut med driftstilskot
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. august
Vil du vere med å styrke fysioterapitilbodet i Bømlo kommune?
Me ønskjer å tildela ein ny heimel for fysioterapeut med driftstilskot og ser etter deg som vil bidra til eit heilskapeleg og framtidsretta fysioterapitilbod.
Ergo- og fysioterapitenesta i kommunen består av 4,2 avtaleheimlar for fysioterapeutar med driftstilskot, i tillegg til fire fastløna fysioterapeutar og fire ergoterapeutar i vaksentenesta. Fysioterapeutane har arbeidsstader på Bremnes, Moster og Langevåg. Heimelen me no tildeler, er tenkt lokalisert i området Moster–Bremnes–Rubbestadneset.
Me søkjer ein fysioterapeut som er fagleg engasjert, trivs med samarbeid og ønskjer å vera ein aktiv del av fagmiljøet i kommunen.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utøve allmenn fysioterapi i tråd med kommunens gjeldande prioriteringar.
- Arbeide kunnskapsbasert og bidra til eit heilskapleg og tilgjengeleg fysioterapitilbod.
- Samarbeide med andre fysioterapeutar i kommunen og anna helsepersonell.
- Fokus på sirkulasjon av pasientar for å hindre lange ventelister.
- Delta aktivt i fagmiljøet, samt utvikling av helsetenesta i tråd med politiske føringar og framtidige behov.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent fysioterapeut. Relevant vidareutdanning vil telje positivt.
- Brei erfaring og fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi.
- Erfaring med sjølvstendig næringsdrift.
- Kjennskap til helselovgiving og ASA 431.
- Kompetanse eller interesse for områder som nevrologi eller manuell terapi.
- Har interesse for innvandrarhelse og kan bidra med målretta og tilpassa fysioterapitilbod.
- Kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidskvardagen, med evne til å ta initiativ og ansvar.
- Du har gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg samarbeid i eit heilskapleg helsetilbod.
- Du er løysingsorientert og fleksibel i møte med ulike pasientbehov og utfordringar.
- Du er fagleg oppdatert og bidreg aktivt til utvikling og styrking av fagmiljøet.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt di motivasjon for drift av avtaleheimelen.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar.
- Det vert stilt krav om politiattest etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Avtaleheimelen er regulert av og skal driftast etter ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder. Tildeling av heimelen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Kommunen må godkjenne plassering og lokale som eigna.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du dette ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om avtaleheimelen og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdleiar for Ergo- og fysioterapitenesta Kathrine Nygård på tlf: 901 95 430 / 53 42 33 42.
Kontaktinformasjon
Kathrine Tislevoll Nygård, Verksemdleiar Ergo- og fysioterapitenesta, 901 95 430Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4987047611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Kathrine Tislevoll Nygård
Verksemdleiar Ergo- og fysioterapitenesta
901 95 430
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7655ac7a-bcc3-4ab9-a4a5-809264ef9589
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f4357667f8a94761ae8312a427164e7e