Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i barnehage
Hunstad barnehage, Helse Bergen
Jonas Lies vei 59, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i barnehage
Oppstart
24. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hunstad barnehage er den minste av Helse Bergen sine fire barnehagar. Vi har om lag 45 barn i alderen 1-6 år fordelt på våre to avdelingar: Løvstakken og Ulriken.
Gjennom omsorg, glede, aktivitetar, leik og rutinar i kvardagen skapar vi ein trygg og god kvardag for barna der dei kan lære av eigne erfaringar og får utvikle seg som ein del av eit sosialt fellesskap.
Personalgruppa ved Hunstad barnehage har mykje kompetanse og erfaring. Hos oss er barnas trivsel og utvikling i fokus, og vi jobbar kontinuerleg med å tilby eit trygt og stimulerande miljø der barna kan vekse og lære.
I barnehageåret 24-25 set vi fokus på barnehagens leikemiljø. Gjennom refleksjon og observasjon kartlegge barnas behov i leiken og kontinuerleg tilpasse miljøet. Leik er den viktigaste aktiviteten i barnehagen, barn leikar fordi dei har lyst.
Livsmeistring og helse er eit felles satsingsområde for alle Helse Bergen sine barnehagar. Når barna opplever livsglede og meistring i barnehagen utviklar dei eit positivt sjølvbilde og vi rustar dei til å møte livets opp- og nedturar.
Vi har ein fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent ledig og søker deg som er leiken, raus og engasjert.
Vedkommande som får tilbod om stillinga må legge fram tilfredsstillande politiattest jmf. Lov om barnehager §30.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre, evaluere og dokumentere aktivitetar med barn i alderen 0-6 år
- Delta aktivt i dagleg arbeid med barn i alderen 0-6 år og ha medansvar for å skape eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø
- Samarbeide med øvrig personale med praktiske arbeidsoppgåver på avdelinga og i barnehagen
- Gi omsorg og ta aktivt del i og støtte barna i leik, samspel og vennskap
- Ha medansvar for å skape eit godt samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø
- Dagleg kontakt med føresette
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og/eller erfaring innan barne- og ungdomsarbeid.
- Gode språkkunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande IKT kompetanse
Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling og god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Imøtekommande, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Påliteleg og ansvarsbevisst
- Engasjert i å gi barna gode opplevingar og erfaringar i barnehagen
- Positiv bidragsytar til samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
- Stabil og omsorgsfull
- Respektfull og evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
- Leiken, nysgjerrig og utforskande saman med barna
- Evne til å ta ansvar og ha oversikt over barnegruppa
- Respektfull og raus i arbeidet med barn, kollegaer og føresette
Vi tilbyr
- Attraktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette
- Godt fagleg miljø i utvikling
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Flotte barn og engasjerte foreldre
- Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Spennande og engasjerande arbeidskvardag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Becker Pedersen, Styrar, 92249603Arbeidsstad
Jonas Lies vei 595053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4902886465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 24.03.2025
Søknadsfrist: 21.01.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2827974
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9913156bbacc4024a5a70c010c8256c7