Barne- og ungdomsarbeidar (vikariat)
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% vikariat barne- og ungd., 14.12.26-22.10.27
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 13. oktober
Kjekt vikariat i Gulen kommune
Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule (avd. barnehage), har ledig fylgjande:
Hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der leik, læring og gode opplevingar står i sentrum. Vi brukar naturen og nærområdet aktivt i det pedagogiske arbeidet, og dagsturhytta er ein fast og populær turstad for både små og store.
Du vert ein del av eit godt fagmiljø med rom for utvikling, samarbeid og nye idear. Barnehagane i Gulen kommune tilbyr:
- fokus på fagleg utvikling og erfaringsdeling
- små og oversiktlege barnehagar, også godt eigna for nyutdanna
- eit godt arbeidsmiljø
- rettleiing og støtte i arbeidet
- nettverkssamarbeid mellom tilsette i barnehagane i kommunen
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilbyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjend utdanning kan verte vurderte
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
- Erfaring frå arbeid i barnehage eller med barn og unge er ønskjeleg
- Interesse for friluftsliv og for å bruke naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet er ein fordel
- Kjennskap til rammeplanen for barnehagen er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Ann Norunn Leknes
Avdelingsleiar barnehage ved eining Eivindvik barnehage og skule
+4794809967
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
76227d1b-dc2d-415c-80bc-8af6df2e28c6
- Sist endret
22. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10309994