Vi søker industrimekaniker til vedlikehold av subsea og offshoreutstyr
Westcon Yard Florø AS
Ole Aaserudgata 7, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Industrimekaniker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Vi opplever god vekst innan subsea-området, og i løpet av sommaren 2025 står tørrdokk nummer to klar -- som gir oss auka kapasitet og nye prosjekt å løyse i åra som kjem.
Vi har nyleg fornya ein langsiktig rammeavtale med Equinor, som omfattar service og vedlikehald, mobilisering og demobilisering av subsea-utstyr. I den samanheng søkjer vi etter industrimekanikarar til arbeid med vedlikehald og reparasjon av subsea- og offshoreutstyr.
Som industrimekanikar hos oss blir du del av eit team som utfører heile prosessen -- frå mottak og inspeksjon, til reparasjon, testing og kvalitetskontroll av utstyret. Du får grundig opplæring med tett oppfølging frå dyktige kollegaer.
Arbeidsoppgåver
-
Vedlikehald og reparasjon av subsea- og offshoreutstyr
-
Inspeksjon, montering, testing og klargjering
-
Kvalitetskontroll og dokumentasjon
Ønska kvalifikasjonar
-
Fagbrev som industrimekanikar, anleggsmekanikar, bilmekanikar eller tilsvarande -- men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
-
Erfaring med mekanisk arbeid, vedlikehald og reparasjon
-
God forståing for hydraulikk og mekaniske system
-
Evne til å lese og forstå teknisk dokumentasjon
-
Positiv og løysingsorientert arbeidsinnstilling
Arbeidet går føre seg ved vår verkstad på Fjord Base i Florø. Det må påreknast noko reiseverksemd ved behov.
Om du ønskjer å bidra til Noregs maritime framtid -- midt i hjartet av Vestlandet -- oppmodar vi deg til å søkje.Om bedriften
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som tilsett hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling, og høve til å arbeide i ulike rotasjonsordningar. Våre siste store kontrakter gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
76201aca-a992-4e05-bca4-9fd98ea09a3c
- Hentet fra
FINN
- Referanse
412284913