Kommunalsjef teknisk
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef teknisk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vår dyktige kommunalsjef for teknisk etat har søkt nye utfordringar, og me er no på jakt etter hans etterfølgjar. Stillinga som kommunalsjef teknisk er ein spennande og krevjande toppleiarstilling, og inngår i rådmannen si strategiske leiargruppe ilag med ass.rådmann, økonomisjef, kommunalsjef helse og omsorg, og kommunalsjef oppvekst. Saman er vårt oppdrag å arbeide heilskapleg med utvikling av kommunen og organisasjonen vår.
Som deltakar i rådmannen si leiargruppe er det forventa stor evne til å bidra på tvers av kommunen sine tenesteområde, og at kommunalsjefane våre er tydelege pådrivarar for tverrsektoriell samhandling og tenesteutvikling til det beste for innbyggjarane i Tysnes.
Kommunalsjef teknisk har i sin portefølje ansvar for byggesak, kart og oppmåling, prosjekt, eining for drift og vedlikehald og eining for brann og redning. Landbrukskontor har me i samarbeid med Samnanger kommune og Bjørnafjorden kommune. Som ein del av region Sunnhordland og Midthordland er det etablert eit godt samarbeid mellom kommunalsjefane.
Kommunalsjefen må ha relevant utdanning og erfaring innan etaten sitt ansvarsområde, og me ønskjer oss ein leiar med god gjennomføring- og formidlingsevne som bidreg aktivt til å skape engasjement og stoltheit i sektoren. Stillinga inneber overordna fag-, økonomi- og personalansvar. Teknisk etat er ein veldriven sektor med dyktige og sterke fagpersonar som har høg kompetanse innan fagfelta sine. I ein liten kommune er fagfeltet til kommunalsjefane våre breitt, noko som gjer stillinga ekstra spennande. Ein relativt stor del av stillinga til kommunalsjefen skal nyttast til oppfølging av prosjekt og investeringsplan. Kommunen har mange interessante oppgåver som ventar på vår nye kommunalsjef, blant anna bygging av nye Onarheim barnehage.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for kommunen si samla investeringsportefølje, dette inkluderer også operativt arbeid knytt til prosjektleiing
- Kommunal planlegging herunder utarbeiding av kommuneplanar, budsjett- og økonomiplan, rammeplanar og kommunedelplanar
- Rapportering, årsmelding og resultatkontroll
- Utgreie og førebu politiske saker til politiske organ, samt oppfølging og iverksetting av politiske vedtak
- Organisasjonsutvikling og generelt utviklingsarbeid
- Rettleiing, leiarstøtte og oppfølging av stab, leiarar og einingar
- Representere kommunen i dialog med andre kommunar, fylkeskommunen og statlege organ, samt delta i aktuelle prosjekt
- Sikre god samhandling og medverknad gjennom LTV-møte (Leiar-Tillitsvalt-Verneombod)
- Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga ut frå kommunen sine behov og arbeidstakar sine kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskolenivå og erfaring innan sektoren. Det er særskild ønskjeleg med erfaring innan prosjektering. Tilleggsutdanning innan administrasjon/økonomi/leiing er ein fordel
- God økonomiforståing og kompetanse på økonomiforvalting
- Erfaring med leiing og administrasjon frå liknande verksemd, herunder personalansvar
- Kjennskap til offentleg forvalting og saksbehandling
- Samfunnsorientert og fagleg godt oppdatert på viktige utviklingstrekk innanfor ansvarsområdet
- Førarkort klasse B
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Tenestemålet i Tysnes er nynorsk
Dette kjenneteiknar vår nye kommunalsjef
- Ein tydeleg og strategisk leiar som er samlande, synleg og tilgjengeleg
- Utøver leiarskap gjennom tillit, god dialog og involvering av fag- og einingsleiarar
- Har evne til å sjå «heile laget», sette mål, arbeide målretta og resultatorientert
- Er løysingsorientert, har gode samarbeidsevner og forstår viktigheita med eit godt partssamarbeid
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å motivere og skape trivsel blant medarbeidarane
- Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringskraft
- Har evne til å utøve eit godt skjønn (både etisk og juridisk)
- Kommuniserer tydeleg og positivt, er ein omdømebyggjar
- Evner å sjå sitt delegerte ansvarsområde i eit heilskapleg perspektiv og bidreg aktivt til samhandling på tvers av kommunen sine tenesteområde
Me tilbyr
- Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikle lokalsamfunnet
- Stor variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidskvardagen
- Ein velfungerande organisasjon med engasjerte politikarar
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass på rådhuset med eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaar
- Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe bustad
- Moglegheit til å jobbe i ein av Noregs vakraste kommunar, med eit aktivt næringsliv og engasjerte innbyggjarar!
Tidspunkt for tiltreding vert avklart etter nærare avtale, og personlege eigenskapar vil verte vektlagt i tilsetjinga. Velkomen som søkjar til ein av dei mest spennande stillingane i Sunnhordland!
Kontaktinformasjon
Steinar Dalland, Rådmann, 970 46 500, steinar.dalland@tysnes.kommune.noTommy René Stordal, Assisterande rådmann, 907 54 142, tomsto@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Uggdalsvegen 3015685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4670073509
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2023
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2352140
- Hentet fra
talentech
- Referanse
166432d8806a4aec94c7fddd7346f299